Av:
Frode Søreide /
Arild Nybø /
For andre gong på knapt ei veke er det gjort innbrot i nærbutikken i Guddalen i Fjaler. I natt vart det stole mellom anna tobakksvarer og øl.
Også på Fure Mekaniske er det i løpet av natta blitt stole mellom anna tobakksvarer, og fleire våtdrakter.
Politiet kan førebels ikkje sei om det er nokon samanheng mellom innbrota, og er interessert i tips frå publikum som kan ha sett noko.