I natt har tjuvar brote seg inn på serveringsstaden Strandstaden på Nordfjordeid. Der har dei brote opp tre speleautomatar og forsynt seg med innhaldet.
Enno er det uvisst kor mykje dei fekk med seg.
Politiet er interessert i tips dersom nokon har sett noko sist natt.