Hopp til innhold

Innbrot i Aurland

Politiet ynskjer tips etter eit innbrot i ein einebustad ved Tero i Aurland.

Innbrotstjuven har brote seg inn via eit vindauge og nokre ting skal vere vekke frå huset, men det er uklart kva og av kva stor verdi, seier politiførstebetent Jorid Nilsen. Det er gjort dør-til-dør utspørjing av folk i nærområdet, men ingen har sett noko utanom det vanlege.