NRK Meny
Normal

Innbrot i Årdal og Luster

Ein tjuveribande har herja i indre Sogn i helga. Både i Luster og Årdal er det stole store verdiar.

Medeigar Martin Andersen kan konstatere at mykje verktøy er vekke frå Byggmakker Andersen.
Foto: Hanne Stedje, Porten.no

Seinast natt til måndag var det innbrot hjå Byggmakker i Øvre Årdal, der det er vekke verdiar for minst 100.000 kroner. Lensmann Kristen Olav Grøttebø i Årdal seier det har vore svært profesjonelle tjuvar på ferde.

 

- Det ser heilt klart ut som desse har visst kva dei gjekk til og kva dei skulle gjere.

 

Byggmakker Andersen i Øvre Årdal
Foto: Hanne Stedje, Porten.no

Samanheng med båtmotortjuveri?

I Årdal er det mellom anna teke 19 motorsager, arbeidskle, verktøy, datamaskiner og mobiltelefonar. Politiet set tjuveria i samanheng med liknande brotsverk i Luster natt til søndag. Også der er mellom anna motorsager til nærmare 100 000 kroner vekke. Dei sjekkar også om det er samanheng med dei mange båtmotortjuveria på Sandane i helga. Der vart verdiar for 400.000 stolne.

 

Her like ved riksveg 53 Årdal-Tyin har tjuvane flytta varene over i eigen bil
Foto: Hanne Stedje, Porten.no.

I stolen bil til Sletterust

Tjuvane har også stole ein bil som stod parkert ved Byggmakker i Øvre Årdal. I denne har dei frakta tjuvgodset til Sletterust på fjellet mellom Årdal og Tyin. Derifrå har dei flytta tinga over i ein kvit utanlandsk registrert varebil, og køyrt vidare. På vegen mot Sletterust er ein del emballasje brent opp, truleg for å få betre plass i bilen.  

Etterlyser kvit varebil

 

Lensmann Kristen Olav Grøttebø
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Politiet er interessert i tips frå publikum, spesielt om nokon har sett den kvite varebilen som sist vart sett ved Sletterust mellom Årdal og Tyin søndag ettermiddag.

- Det er grunn til å tru at dei som har gjort dette har opphalde seg i området Sognefjellet - Turtagrø - Øvre Årdal - Sletterust. Har nokon sett ein stor kvit varebil, og om folk i området Mannsberg - Sletterust har sett bål der natt til måndag, så vil vi gjerne ha kontakt med dei, seier lensmann Kristen Olav Grøttebø.

Stolen bil på sognefjellet

Ein bil som vart stolen i Luster i helga vart måndag føremiddag funnen på Sognefjellet. Politiet har varsla andre politdistrikt, og etterforskar no saka. Men dei veit førebels ikkje kven som står bak.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser