Natt til i dag har det vore innbrot i verkstaden til Førde Sementvare. Politiet har førebes ikkje oversikt over om noko er stole.
Ubedne gjester har også vore på byggetomta til det nye handelshuset i Førde og stole ein kompressor.
I begge tilfella er politiet interessert i tips frå folk som meiner dei kan ha sett noko.