Hopp til innhold

Innbooka på historisk flyplass

Eit ektepar frå Australia fekk seg litt av ei overrasking då dei skulle forlate Førde. For på billetten var dei booka inn på ein flyplass som var nedlagt for tjue år sidan.

Tårnet på gamleflyplassen på Øyrane i Førde.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dei får seg ein god latter ekteparet frå Australia når dei står på flyplassen som dei ifølgje billetten skulle ha sjekka inn på.

- Ein god spøk

- Eg trur det vil bli litt vanskeleg å ta av med alle bygningane her. Veldig interessant, ein god spøk, er kommentarane til Josie og Davo Fry.

Traktorforhandlarar

For rett nok ser ein eit gamalt kontrolltårn på Øyrane i Førde, men det er tjue år sidan det landa fly i Førde sentrum. På den gamle rullebana ligg det butikkar, og ved kontrolltårnet ligg det ikkje mindre enn to traktorforhandlarar. Dette har ikkje reisebyrået i Australia fått med seg. For dei ligg førde Lufthamn enno på Øyrane.

Josie og Davo Fry har vore ei stund i Førde, og no rett før dei skulle reise bad dei Harald Barstad om å sjekke kvar denne flyplassen låg.

- Eg vart ordentleg overraska, det er 20 år sidan denne flyplassen vart lagd ned og det vart bygd ein ny flott flyplass på Bringeland, og så viser det seg at rundt om i verda er dei ikkje informerte om det som skjer i Førde sentrum, seier Barstad.

Glad dei slapp venting

Sjølv er dei australske gjestene glade for at dei ikkje kom der ein time før innsjekk og såg traktorar og ikkje noko fly.

- Det ville ha vore eit stort problem, seier Josie Fry.