Hopp til innhold

Inkassosakene står i kø for fleire av dei ærverdige hotella i fylket

Nokre av dei mest ærverdige hotella i Sogn og Fjordane slit tungt med dårleg betalingsevne. Både ved Hotel Mundal i Fjærland og Tørvis i Marifjøra står inkassosakene i kø, viser ei kartlegging NRK har gjort.

Hotel Mundal i Fjærland

STASELEG FASADE: Hotel Mundal i Fjærland.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Kjell Fodnes (styreleiar i Fjærland reiselivslag)

UROLEG: Kjell Fodnes i Fjærland reiselivslag.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Hotellet er veldig viktig for bygda. Det hadde vore eit stort tap om det hadde vorte stengt. Så vi får håpe det blir oppegåande på ein skikkeleg måte.

Det seier Kjell Fodnes som er styreleiar i Fjærland reiselivslag. For framtida til spydspissen til reiselivet i bygda er i høgste grad usikker. Ubetalte rekningar og usikker økonomi bekymrar resten av reiselivet i området.

Berre lyden av ein sildrande bekk og nokre fuglar nede på fjorden bryt stilla i turistbygda Fjærland. Med sin flotte trefasade med balkongar og sveitsarstil ligg Hotel Mundal mørkt og stillt. Berre ein einsleg vimpel viser at det er nokre få dagar til turistsesongen startar.

– Har viljen, ikkje evna


Som eit friskt pust kom MountainFjord og eigar Rolf Wikborg på bana i 2008. Det skapte optimisme og tru på ein ny æra for verksemder som Hotel Mundal i Fjærland, Tørvis Fjord Hotel i Marifjøra og Nigardsbreen Gjesteheim i Jostedal. Drygt fire år seinare vaklar heile imperiet.

Øyvind Hatlevoll i Ornes Båtbyggeri i Luster er ein av mange som ventar på betaling.

– Det har skorta på evna til å gjere opp for seg, viljen har vore der heile tida. Eg trur dei har mista kontrollen på kva dei skuldar rundt om.

Av dei mange underselskapa under morselskapet Travel Property Holding har seks selskap lågast mogleg kredittverdigheit. Det viser ein analyse gjort av AAA Soliditet AS. Det gjeld m.a. Tørvis Eiendom AS og MountainFjord AS.

Øyvind Hatlevoll

VENTAR PÅ PENGAR: Øyvind Hatlevoll.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Til saman 30 inkassosaker

Inkassosakene står i kø. Tørvis Bre- ski- og fjordhotell hadde i midten av førre veke 12 inkassosaker registrert, Mountainfjord åtte og Hotel Mundal 10 saker. I tillegg veit NRK at det er leverandørar som har venta lenge på betaling, men enno ikkje har gått til inkasso.

– Her i distriktet blir det folkeprat om det, og det er uheldig, seier Øyvind Hatlevoll.

Rolf Wikborg seier det har vore tøffe tider for dei.

– Fjoråret var veldig dårleg, vi tapte pengar på kvar einaste stad, og ganske store summar. Men det tek tid å byggje opp ein aktivitet, så det har vore ein veldig vanskeleg periode.

Rolf Wikborg

- VANSKELEG PERIODE: Rolf Wikborg.

Foto: Jan Inge Fardal / Sogn Avis

Har investert 35 mill. i Tørvis

Wikborg fortel at dei no har teke rev i segla og droppa ein del av prosjekta dei hadde planar om å realisere. Det gjeld Hopstock i Vik og Villa Visnes i Stryn, i tillegg hadde dei planar om å leige Finden i Finnafjorden.

– Eg vil ikkje klage på finanskrisa. I fjor kunne vi klage på var det dårleg ver og 22. juli. Men det er rett og slett slik at vi gapte over for mykje, og at vi ikkje var nøye nok med korleis vi dreiv og kva det kosta å drive.

– I tillegg fann vi ut at når vi pussa opp på Tørvis så ville vi gjere det rett, og det kosta meir enn vi trudde. Vi har investert 35 millionar kroner på Tørvis, og det har vi fått mange positive tilbakemeldingar på.

Tørvis Hotell

MANGE INKASSOSAKER: Tørvis Bre- ski- og fjordhotell i Marifjøra.

Foto: Arild Nybø / NRK

– God dialog med kreditorane

Han seier både han og kona Mette no går i personleg dialog med kreditorar for å kome seg gjennom krisa.

– Eg trur vi kjem til å ha drift i alle hotella vi er involverte i dette året, sjølv om vi tapte seks millionar i fjor. Og sjølv om vi har vore seint ute med betalinga og enkelte ikkje har fått betaling enno, så har vi ein veldig god dialog med dei fleste kreditorane.

– Eg trur vi har ein struktur no som gjer at vi ikkje skal tape så mykje pengar, kanskje vi kan få overskot.

Optimist, trass alt

Rolf Wikborg er på reiselivsmesse når NRK ringer han, og han er optimist, trass i vanskeleg økonomi.

– Eg har investert veldig mykje av pengane mine, og meir til, i hotell på Vestlandet, og eg hadde ikkje gjort det om eg ikkje hadde tru på det.

I Fjærland registrerer pensjonisten Nils Skeie iallfall eitt livsteikn i det han kjem ruslande forbi Hotel Mundal i Fjærland.

– Eg såg at vimpelen var komen opp for 14 dagar sidan, så då er iallfall håpet der. Om sommaren er dette eit symbol, og alle håpar at det skal leve vidare.

Ei heil bygd følgjer spent med på korleis det går med tradisjonshotellet. Rolf Wikborg kan ikkje garantere at dei kjem seg heilskinna gjennom krisa, men han seier dei gjer det dei kan og at det er lyspunkt.

– Vi har bra med booking for sesongen og det blir store arrangement på hotellet.

Hotel Mundal i Fjærland

TOMT OG STILT: Hotel Mundal i Fjærland.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK