Smith seier til Nationen i dag at "dei aller beste grunnar talar for at departementet burde sett ein annan på denne saka - og at bindingane er så sterke at rådgjevaren burde fråtre sakshandsamaransvaret sjølv".
Medlem i DNT
Marianne Løvold er første saksbehandlar når Miljøverndepartementet no skal behandle den omstridde Kalda-Kari-saka. Ho var på synfaring på Veitastrondi måndag. I tillegg til å vere medlem i Den Norske Turistforening er ho også medlem i Speiderforbundet, som er ein av organisasjonane i Friluftslivets Fellesforbund. Begge desse har protestert mot Kalda-Kari-planane.
Kaldakari. Arkivfoto NRK
- Ingen problem
Men det seier ekspedisjonssjef i Miljøverndepartementet, Tom Hoel, at han visste før ho vart sett på saka. Hoel ser ingen problem med dette. Han trur mange vil få problem om habilitetesreglane skal tolkast så strengt.- Marianne Løvold sit i styret i ei undergruppe av DNT, og ho har ikkje styreverv i Speiderforbundet, og vi har vurdert det som uproblematisk at ho er saksbehandlar for Kalda-Kari-prosjektet, seier Hoel.
Varsam med kommentaren
Asbjørn Nes, ein av hovudmennene bak planane om å frakte folk med helikopter opp til ein restaurant tett opptil nasjonalparkgrensa blir svært forsiktig når han skal uttale seg om saka. - Formelt sett er det sikkert rett at ho ikkje er inhabil, men det legg stort press på henne når ho skal ta gje innstilling i saka, seier Nes.