Hopp til innhold

Ingvill kastar seg ut i det usikre

FØRDE (NRK) Ho hadde fast lærarjobb og kunne levd det trygge livet. I staden vil Ingvill Hafstad gjere næring av å yte sosial omsorg for eldre.

Gjer seg klar

TRAVLE DAGAR: Ingvill Hafstad går frå fast jobb til å skape sin eigen arbeidsplass der ho gir pårørande ein mulighet til å kjøpe seg meir tid saman med eldre familiemedlemmer.

Foto: Privat

– Det er nokre gonger eg har våkna midt på natta og lurt på kva eg driv med.

Det seier Ingvill Hafstad. Ho har svært travle dagar for tida. Om kort tid skal ho starte opp det nye firmaet sitt og er veldig spent.

– Det er eit tilbod til eldre i Førde og kommunane rundt der eg tilbyr praktisk og sosial hjelp til dei eller deira familie. I ein travel kvardag kan nokon og einkvar trenge litt hjelp for å få kabalen til å gå opp, seier Ingvill Hafstad, og tenkjer på følgeteneste, hjelp til innkjøp og besøk.

Den tidlegare lærerinna ved Førde barneskule er klar på kvifor ho satsar på noko heilt nytt.

– Kvifor ikkje gjere noko anna? Ein kan ikkje berre gjere det som er trygt heile tida.

Tidsklemme

I tillegg til å avlaste pårørande, trur Ingvill at det er kjekt for eldre folk å få faste personar på besøk regelmessig.

– Eg veit med meg sjølv at det er tryggare å kjenne dei folka som kjem innom.

Ho seier mange har gitt ho lykkeønskingar. Nokre har teke kontakt og vil jobbe saman med ho.

– No får eg håpe at kundane også kjem, seier Ingvill.

Ho ser ikkje vekk frå at enkelte vil tenkje at ho skor seg på andre si tidsklemme.

– Men veldig mange betalar seg jo ut av ting i andre samanhengar. Som husvasking, lufting av hunden og dugnadar. Det må vere opp til kvar einkelt kva dei vil prioritere.

Først ute

– Eg håpar og trur at når folk veit om dette tilbodet så får dei lyst til å nytte seg av det. Eg tykkjer det er rart at det ikkje er andre som har kome på denne ideen tidlegare, seier Ingvill Hafstad.