Hopp til innhold

Ingrid Heggø til topps

Nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti har plassert Ingrid Heggø frå Høyanger på førsteplass på stortingslista.

Ingrid Heggø.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Valet skjedde utan motkandidat og ved akklamasjon.

Tor Bremer frå Luster kapra andreplassen etter svært jamn kamp mot Hilmar Høl frå Årdal.

Høl trekte seg

Det vart gjennomført prøverøysting, og der fekk Bremer 58 røyster medan Høl fekk 49. Det betyr at berre fem røyster avgjorde.

Dette gjorde at Høl trekte sitt kandidatur, og nominasjonsmøtet plasserte deretter Bremer på 2. plass med akklamasjon.

-Det er noko svineri å bli slått!

Det sa Høl frå talarstolen etter at prøverøysinga var over. Han la ikkje skjul på at han var skuffa - både på eigne og Årdal sine vegner. Samstundes gratulerte han Bremer med sigeren, og tok til etterretning det nominasjonsmøtet hadde bestemt.

Varsla "come back"

Høl (39) har til no hatt sin politiske karriere i hovudsak som lokalpolitikar i Årdal. No seier han til NRK at han er innstilt på å prøve seg på nye politiske arenaer igjen. Første korsveg blir fylkestingsvalet om tre år.

Kamp om 3. plassen

Sonja Edvardsen frå Eid fekk tredjeplassen ho var innstilt til av nominasjonsnemnda, men utsendingane frå Førde stilte Jorunn Eide Kirkteteig frå Førde som motkandidat.

Prøverøystinga viste eit klart fleirtal for Edvardsen, og dermed trekte Kirketeig seg. Edvardsen vart plassert på 3. plass og også ho vart valgt ved akklamasjon.

Resten av lista var klappa på plass.

Nominasjonsmøtet til Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Nominasjonsmøtet til Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Slik ser Ap-lista ut: 1. Ingrid Heggø, Høyanger 2. Tor Bremer, Luster 3. Sonja Edvardsen, Eid 4. Anette Stegegjerde, Luster 5. Brigt Samdal, Florø 6. Kristina Maurstad, Vågsøy 7. Kjetil Klakegg Bergheim, Flora 8. Svein Arild Dale, Hyllestad 9. May Britt Bratseth, Bremanger 10. Marianne Rotihaug, Eid og 11. Sigmund Vereide, Gloppen