Hopp til innhold

Inger Kristine pussa støv av ein 80 år gamal studie

LÆRDAL (NRK): Inger Kristine Volden frå Oslo har siste vekene gått opp og ned alle fjella i Lærdal – på jakt etter dei høgastståande trea.

Inger Kristine Volden

PÅ LEIT: Ein 80 år gamal studie har sendt biologstudent Inger Kristine Volden ut på leit etter skoggrensa i indre Sogn.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Mastergradstudenten skal nemleg skrive oppgåve om korleis skog- og tregrensene har utvikla seg sidan 1939.

– Søren Ve gjorde ei studie på slutten av 1930-talet. Han seier nokolunde om kvar han har vore og kva himmelretning det var på hellinga der han fann trea. Så no må eg berre gå i fjellsida og leite, seier biologistudenten frå Oslo.

Ser etter tre

NRK blir med Inger Kristine Volden på tur til Grønlia på Filefjell. Ein kjem gjerne i god form, men det er ikkje berre luksus å traske rundt i fjellet i vekevis.

– Men med ullsokkar og gnagsårplaster, så går det bra. Og sti er luksus. Så lenge eg har sti, så er eg veldig glad. Vanlegvis går eg langt utanfor stiane, fortel Volden og plukkar opp kikerten for å sjå nærare på det som anten er ein stein – eller eit tre som må granskast.

– Eg orienterer meg og ser etter den øvste skogen og trea. Det er ofte det vanskelegaste, seier ho og målbevisst set kursen mot det som gjennom kikkerten ser ut som eit tre.

Granskar trea

Inger Kristine Volden

FEKK PASSERE: Målestokken viste berre 2,45 meter, men stammen var fast nok i brysthøgde til at det fekk passere som eit tre.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Så legg ho i veg mot det som ser ut til å vere eit einsamt tre på vidda. Vel framme skal treet «under lupa».

– Først må eg måle høgda på det. Det må vere over to og ein halv meter, og ha fast stamme i brysthøgde, for å passere som tre, seier ho.

– Så sjekkar eg himmelretninga på bakken treet står i. Eg måler høgdemeterane og brukar GPS for å sjekke posisjonen. Så skal eg bestemme kva naturtype det er.

Varmare i fjella

Volden meiner gjentakingsstudium er spennande og kan gi meir presise modellar for korleis skog og tre breier om seg. Arbeidet tykkjer ho er viktig i samband med klimaendringar.

Oppgåva hennar skal vere klar i desember neste år. Funna ho har gjort så langt, meiner ho ikkje er til det positive. Meir attgroing viser at det er blitt varmare i fjellområda.

– Dette treet står på 1.194 meter. Det er veldig høgt. Ve fann grensa på 1.159 meter.

– Så tregrensa har auka med 35 meter på 80 år?

– Det ser slik ut. Enkelte stader har tregrensa gått opp ti meter. Andre stader over 100 meter.