Hopp til innhold

Inger Anne glippa på EM-uttaket

Inger Anne Frøysedal (24) var sjuk, og ho måtte rekkje seg frå trestegkonkurransen under NM i Haugesund.

Inger Anne Frøysedal

UVISS: Inger Anne Frøysedal satsar hardt på å få delta i innandørs-EM i mars. I helga er det uttak utan at ho får vise kva ho er god i tresteg.

Foto: Helge Langen / Vestpress

Strynejenta som no bur i Oslo satsar hardt både mot nordisk i Vaxsjø kommande helg, og EM innandørs i mars.

– Helga skulle vore uttak. Kva det no blir til er eg litt usikker på, seier Inger Anne Frøysedal og understrekar at eitt av krava for å få hoppe internasjonalt er at utøvarane må vise form.

Best i landet

Gullet under helgas innandørs-NM gjekk på beskjedne 12.20 meter. Frøysedal har berre hoppa ein konkurranse i vinter. Då blei det litt skuffande 12,50 meter i Sverige. Nokon tvil om at ho er best i landet skulle det ikkje vere.

– Eg har vore småsjuk denne veka, så veldig overraska over er at eg ikkje fekk hoppe i dag er eg ikkje, seier ho, som likevel var på plass i Haugesund.

Frøysedal har personleg rekord utandørs på 13,71 meter. Den norske rekorden er på 13,83 meter.

Jaktar rekord

– Det er ikkje langt fram, men det er hardt nok, seier utøvaren som sette sin personleg rekord i fjor sommar.

– Unngår eg skadar og sjukdom i utandørssesongen er eg sterk i trua på at rekorden kan bli min, seier Frøysedal. Ho var påmeldt i fire øvingar denne helga. Ho skal etter programmet hoppe lengde både med og utan fart sundag.

– Om eg hoppar i morgon veit eg ikkje. Eg må sjå litt på dagsforma, men no tvilar eg på at det blir noko, avsluttar ho.

P.S. Amalie Tefre Skage, som vann tresteg konkurransen, har mor frå Førde.