NRK Meny
Normal

Ingen vitne har meldt seg etter ulukke

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til den alvorlege trafikkulukka i Førde onsdag kveld.

Bil køyrde i Halbrendselva

GJENNOM: Ulukkesbilen kom sørfra då den brasa gjennom autovernet på brua over Halbrendselva i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ulukkesgruppa frå Statens vegvesen gjorde i natt og utover morgontimane sine undersøkingar på ulukkesstaden.

Ein mann i 20-åra ligg kritisk skadd på Førde sentralsjukehus.

– Det er framleis for tidleg å seie kva som har skjedd. Vi må først få kommisjonen sin rapport på kva dei har funne av spor, seier konstituert lensmann i Førde og Naustdal, Magne Faleide.

Bilen kom sørfrå på E39 då den kryssa vegen og køyrde gjennom eit autovern og hamna på taket i Halbrendselva. Som første utrykkingsetat kom politiet til staden få minuttar seinare.

Trafikkulukke i Førde

KRITISK: Ein mann i 20-åra var åleine i bilen då den skar over E39 og ut i Halbrendselva i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det var ein tilfeldig forbipasserande som melde frå om ulukka i 23.30-tida.

– Vitne kom til og såg skadane på bruautovernet, og så bilen, seier Faleide.

– Politiet byrja livreddande tiltak med å få bilføraren ut av bilen og på land medan dei andre naudetatane kom til, seier Faleide.

Politiet ber eventuelle vitne som har sett ulukka om å melde seg for politiet på telefon 02800. Bilen, ein 2012-modell, blir også undersøkt for eventuelle tekniske feil.

– No må vi prøve å få tak i vitne som kan ha sett noko, seier Faleide.