Hopp til innhold

Ingen visste noko om Fjord1-striden

Verken medlemmane i Fjord1 Holding eller fylkesutvalet visste noko om bråket i Fjord1-styret. Fylkesordføraren avviser at ho har prøvd å halde striden skjult.

Fjord1 og Åshild Kjelsnes

AVVISER: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes avviser at ho har prøvd å halde Fjord1-striden skjult.

Foto: /Guro Kvalnes / montasje

Etter å ha kravd å få informasjon, får styremedlemmane i Fjord1 sitt holdingselskap i dag informasjon om kvifor to styremedlemmer i ferjeselskapet har trekt seg i protest.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes avviser at ho har prøvd å halde striden i ferjeselskapet skjult.

– Eg formildar informasjon tilbake til dei som skal ha informasjon når det skal gjerast. Og det er no lagt til rette for, seier ho.

Det var på styremøtet den 29. april i år at styremedlemmene Eva von Hirsch og Lars Pamer varsla at dei trekte seg frå styret i Fjord1 i protest, hovudsakleg på grunn av sterk misnøye mot styreleiar Reidar Sandal.

Har følgt lovar og reglar

I epostar NRK har fått tilgang til skuldar dei Sandal mellom anna for å ha ein altfor autoritær leiarstil og at han ikkje gjer seg bruk av viktig kompetanse i styret.

Sandal sjølv avviser påstandane. Kjelsnes seier ho har følgt aksjelova sine reglar om informasjon i denne saka.

– Eg prøver å stelle meg til forretningsstyret på den måten som det skal gjerast ut ifrå aksjelova, seier Kjelsnes.

– Men du vart kjent med bråket allereie i mars og no er det langt ut i mai, og representantane har ikkje visst noko om det. Kva seier du til det?

– Eg har sagt før at eg ikkje kommenterer kva som skjer i eit forretningsstyre i presse og det kjem eg ikkje til å gjere her heller, seier Kjelsnes.

Full tillit til styret

Kjelsnes vert konfrontert med at NRK har tilgang til epostar der det blir påstått at Fjord1 er i djup krise med blant anna mangel på kompetanse på fleire felt.

– Eg kommenterer ikkje det som skjer i eit forretningsstyre og slik må det vere, seier Kjelsnes.

På spørsmål om ho framleis har den same tilliten til styreleiar Reidar Sandal etter all kritikken svarar fylkesordføraren at ho har full tillit styret.