Ingen vil ha driten frå Nordfjord

Kven skal ta på seg å samle inn kloakk og slam frå dei sju kommunane i Nordfjord? Det er eit spørsmål som treng rask avklaring, meiner dagleg leiar i Nordfjord Miljøverk, Svein-Ottar Sandal.

Det går mot slutten for kloakktømminga i Hjelmelandsdalen i Eid.

SLUTT: Førebels er ingen klare til å ta over når kloakk- og slamtømminga i Hjelmelandsdalen i Eid tek slutt i 2016.

Foto: Per Asle Hjelmeland

– Det er ein knapp tidsfrist, og vi må finne mellombelse løysingar om ting ikkje er klart. Avfallet kjem kontinuerleg, seier dagleg leiar i Nordfjord Miljøverk, NOMIL, Svein-Ottar Sandal.

Svein Ottar Sandal

HASTAR: Frå 2016 står kommunane i Nordfjord utan eigna anlegg til å ta i mot slam og kloakk. No har NOMIL, med dagleg leiar Svein-Ottar Sandal, bede kommunane avklare kva ordning dei vil ha.

Foto: NRK

Etter at kommunestyret i Eid i sommar sa nei til at anlegget i Hjelmelandsdalen skal halde fram å ta i mot slam og kloakk frå alle sju kommunane i Nordfjord, har ein ikkje klart å kome fram til ei ny løysing.

– Alle har det, men ingen vil ha det

Eid ynskjer at NOMIL, som i dag tek i mot hushaldningsavfall frå dei same kommunane også skal ta over ansvaret for kloakk og slam. Det er ikkje gjort i ei handvending.

– Eg kan ikkje seie at vi er klare til den oppgåva. Vi har ikkje noko anlegg klart, og vi ynskjer heller ikkje å vidareføre anlegget som har vore i Eid. Skal vi ha ansvaret, så treng vi 2015 for å få ting på plass, seier Sandal.

Anlegget i Eid har vore omstridd, med forureiningsproblem og mange naboar har klaga på store luktproblem. Kommunane er pliktige til å ha ei løysing for handtering av slikt avfall.

Leitar etter løysingar

Skal NOMIL ta over oppgåva er det mest aktuelt å sende avfallet ut av regionen.

– Det er ei utfordring å finne løysingar, men det blir jobba med. Vi ser på fleire alternativ, både på kort og lang sikt, seier leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Stryn, Sven Flo.

Ifølgje han er kommunane godt klare over at dei må kome fram til ei løysing så snart som råd. Han vil helst ha eit lokalt mottak.

Sven Flo

ALT KAN SKJE: Ordførar i Stryn og leiar i Nordfjordrådet, Sven Flo, ser ikkje vekk frå nokon alternativ for løysing på problemet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det er mogleg å transportere det, men det er ein kostnadsbit. Vi må sjå på kva belasting som blir lagt på aktørane i bransjen og husstandane som er avhengige av slike tenester, seier ordføraren.

Ser ikkje vekk frå anlegg i Stryn

Nordfjordrådet skal diskutere saka på komande møte, og Flo er trygg på at dei skal finne ei løysing, sjølv om det ikkje er sikkert at ei permanent løysing står klar 1. januar 2016.

– Eg har god tru på at vi kjem i mål. Eg er sikker på at vi finn løysingar i Nordfjord for framtida, seier Flo.

Kan det vere aktuelt å opprette eit anlegg, til dømes i Stryn?

– Vi ser på alle moglege løysingar her. Som sagt er ingenting konkludert med. Mykje heng i lause lufta, og alle moglege løysingar vil bli sett på fram til 2016, seier Flo.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.