Hopp til innhold

Bussprodusent må stengje dørene

Det er no klart at det ikkje vert vidare drift for bussproduksjonsselskapet Vidre AS i Stryn.

Buss frå Vidre

KONKURS: Etter å ha drive med bussproduksjon i berre to år, måtte Vidre gå til skifteretten. Bustyret ser ikkje moglegheit for vidare drift, og dermed overtek banken buet.

Foto: NRK

Etter ei toårig drift, måtte selskapet i slutten av mars ta den tunge vegen til skifteretten. Årsaka var at eigarane ikkje ville tilføre selskapet meir kapital etter at ein stor omsetnadsnedgang svekka dei økonomiske resultata kraftig.

Sidan konkursen vart kjend 22. mars har eit bustyre jobba for å finne ut om det er mogleg å drive anlegget vidare, utan hell. Dermed går dei 30 tilsette no ei svært tung tid i møte.

Ifølgje bustyrar Per Kjetil Stautland, er det ikkje mogleg å få seld anlegget for meir enn det som er banken sitt krav. Dermed tek Sparebanken Sogn og Fjordane no over buet.

Lukkast ikkje med vidare drift

– Som bustyrar kan eg ikkje sjå nokon moglegheit til å få seld aktiva og heile anlegget for meir enn det som er banken sitt krav, og dermed har konkursbuet måtte oppheve beslaget over aktiva, og dermed er det banken som i fortsetjinga må realisere sin pant. I praksis så betyr det at for konkursbuet sin del, så har ein ikkje lukkast med å få til vidare drift i anlegget, seier Stautland.

Ifølgje advokaten vil buet I tida framover vil buet halde fram den vanlege konkursbehandlinga med å ta i mot krav og vurdere den forretningsdrifta som har vore.

– I forhold til anlegget er det banken som må prøve å realisere det til best mogleg pris. Skulle det dukke opp nokon som har interesse av å drive vidare vil dei måtte vende seg til banken på same måte som alle andre som måtte vere interessert i å kjøpe delar av anlegget, seier Stautland.

– Kor mykje verdiar er det i anlegget?

– Verdiane i eit slikt anlegg avheng sjølvsagt mykje av om nokon kan halde fram drifta. Om vi snakkar om ein situasjon der ingen delar av drifta vert vidareført kan verdiane vere ganske avgrensa, utan at eg kan komme med nokre konkrete tal no, seier han.

Ventar oppheva avtalar

Dei tilsette er allereie oppsagt av bustyret, og det er ikkje lenger aktivitet i anlegget. Stautland seier det er lite truleg at dei inngåtte avtalane om bygging av bussar vert fullført.

– Konkursbuet har ikkje kunne trådd inn i dei inngåtte avtalane som var gjort av Vidre AS, og bakgrunnen for at buet ikkje har kunne vidareføre avtalane er at ein ikkje har hatt nokon som ville overta anlegget. Dermed er det slik at alle avtalepartnarar er uforplikta av dei avtalane som er inngått og kan heve dei.

Stautland seier at dei tilsette på vanleg måte har måtta melde seg til NAV som arbeidsledige, noko som er eit vilkår for å få dekka oppseiingslønna, og at dei vert ivaretekne på vanleg måte. I samband med dette har det fram til no vore ein viss aktivitet i anlegget i konkursbuet sin regi.

– Det er knytt då til papirarbeid for å klargjere dei tilsette sine lønskrav, og klargjering av uteståande krav for tidlegare utført arbeid og så vidare, seier Stautland.

Han har hatt jamleg dialog med banken, men kan ikkje svare på kor lang tid det vil ta før buet er seld.

– Eg har vore i løpande dialog med banken, men når det gjeld kor raskt banken kan få realisere dette må banken svare på det.