Hopp til innhold

Ingen veit kven som strikka for Hydroparken

Det kan bli Europris der trea står, dersom kommunestyret i Årdal vedtek reguleringsplanen. Mykje tyder på at dei anonyme strikkarane helst vil ha park.

Strikkpynta tre

FARGERIKT: Trea i Hydroparken held seg varme om hausten. Torsdag avgjer kommunestyret i Årdal om parken skal bli omgjort til næringsareal.

Foto: Sandra Opheim / privat

Ein litt uvanleg protestaksjon fargar Hydroparken i Årdal. Trea er i løpet av den siste veka blitt kledd i fargerikt strikk.

Torsdag skal reguleringsplanen for to gater i Øvre Årdal opp i kommunestyret. Der blir det avgjort om Hydroparken skal halde fram som grøntareal eller gi plass til utbygging og moglege arbeidsplassar.
Truleg er det denne saka strikkeaksjonen er ei protest mot.

Strikkeprotest
Foto: Sandra Opheim / Privat

Politiske emneknaggar

– Nokon, ei anonym gruppe, eg veit framleis ikkje kven som har gjort det, har strikka halsar til trea i Hydroparken, fortel Sandra Opheim som er varaordførar i Årdal kommune for Miljøpartiet dei Grøne.

Hennar parti har sidan valkampen kjempa for at Hydroparken ikkje skal bli nytta til næringsareal, men halde fram med å vere grøntområde.

Men det er ikkje ho sjølv som har strikka til trea i parken, seier Opheim. Teksten som står på strikka tyder på at avsendarane kan meine noko det same som MDG i denne saka.

– Dei har hengt på tekstar med emneknaggar som har ganske klåre og tydelege politiske beskjedar, fortel Opheim.

Sandra Opheim i Miljøpartiet dei Grøne

Varaordførar: Sandra Opheim i Miljøpartiet dei Grøne er glad og rørt for støtta i den stille protesten i Hydroparken.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

På trea står det blant anna #lathydroparkenverapark, #løftebroterikkjeok og #apståvedløftadykkar.

Dei siste to meldingane viser til at MDG meiner Arbeidarpartiet har brote eit løfte dei gav i valkampen om at dersom Ap fekk ordføraren skulle Hydroparken bli skåna for utbygging.

Avgjer skjebnen til Hydroparken

På kommunestyremøtet torsdag skal reguleringsplanen for Hydroparken bli teken opp. Sandra Opheim trur ikkje strikkeaksjonen vil gjere at politikarane bestemmer seg for å behalde parken som park.

– Alt tyder på at reguleringsplanen vil bli vedteken, dessverre. Men uansett var det ein veldig morosam og fin protest, seier Sandra Opheim.

Det har ikkje lukkast NRK å få tak i Årdal-ordførar Arild Ingar Legræid. Tidlegare i veka sa Ap-politikaren dette til Porten.no:

– At innbyggjarar er engasjerte i saker, er sjølvsagt heilt i orden. Det skal vera lovleg og er viktig. Ut over det har eg ingen kommentar.