I helga var Grimstvedt og resten av mannskapet på KNM Trondheim som jakta på ubåten, samling i Bergen.
Såg periskop
Ubåtjakta starta ved at to mann på Vangsnes meinte dei såg eit periskop i fjorden i 1972. Forsvaret reagerte med å sende fire fregattar, to ubåtar, 10 MTB-ar og to helikopter til Sogn for å fange båten. Teorien var ein russisk u-båt.
Jakta i 16 dagar
Dette var då den kalde krigen var på det kaldaste. I 16 dagar varte ubåtjakta, med heile den norske og deler av den utanlandske pressa tilstades. Det vart sleppt synkeminer og avfyrt rakettar for å tvinge ubåten opp, og det vart stadig rapportert om nye obpservasjonar.
Klare til kamp
Heilt på grensa til "krig" var det då ein båt utan lys kom inn fjorden ein kveld. Då fortel Grimstvedt til avisa at mannskapet på KNM Trondheim trudde det var ein russisk båt som skulle inn og befri ubåtmannskapet. Dei var klare til kamp. Det viste seg at det var eit fransk militært skuleskip på fredeleg tokt.
Fekk munnkorg
Etter at aksjonen vart avblåst fekk alle munnkorg og det vart lagt lok på saka frå det militære si side. Men på mimresamlinga mannskapet på KNM Trondheim hadde i helga var alle einige om at det ikkje var ubåt i fjorden hausten for 33 år sida.