Hopp til innhold

Nei, det var ikkje tropenatt - men varmt var det lell...

Mange tykte kanskje det var i varmaste laget natt til søndag. Men tropenatt vart det ikkje, det sørga ei skikkeleg regnskur for.

Ikkje heilt tropenatt

VARMT: Gradestokken i Førde synte 21,8 grader like etter klokka 00.30 natt til søndag. Men temperaturen sokk for raskt til at det vart tropenatt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Nei, alle stasjonane i Sogn og Fjordane gjekk under 20 grader i løpet av natta, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Aslaug Skålevik Valved.

I Førde synte gradestokken klokka 00.34 21,8 grader, og også andre stadar i fylket var det varmt seint på natt.

Men for at det skal vere tropenatt, må temperaturen ikkje synke under 20,0 grader mellom klokka 20 om kvelden og klokka 08 dagen etter.

Lærdal hadde høgast temperatur

I Trøndelag var det derimot ei historisk natt der tre stadar i landsdelen kunne notere seg for tropenatt. Men i Sogn og Fjordane gjorde temperaturen brått eit dropp då ei skikkeleg regnskur sette inn.

– Temperaturen fall nok ganske fort mange stadar. Når eg ser på temperaturane for natta så ligg dei på rundt 13-14 grader. Varmast var det det i Lærdal med 17,3, seier Valved.

Ser ein på temperaturane for laurdag, var det Lærdal som hadde høgst temperatur med 26,2 grader, følgt av Svelgen med 25,3 og Fjærland med 24,8 grader.

I dag er det regntungt mange stadar i fylket, og det skal det halde fram med. Iallfall eit par dagar.

– Dagen i dag blir ganske grå. Det blir skya og delvis skya heile dagen, men skylaget sprekk kanskje opp i løpet av kvelden, seier Valved.

Først ganske vått, og så ganske varmt

Men natt til måndag og måndag morgon vert ein våt affære.

– Det er ikkje snakk om noko OBS-varsel, men det kjem nok mykje nedbør i løpet av kort tid. Det er også utrygt for torevêr, seier Valved.

Byeaktiviteten vil minke utover dagen.

– Det minkar først i ytre strøk, då det er ein front som skal passere, seier Valved.

Men så er det duka for lysare tider. Tysdag vert det litt skiftande vêr med noko nedbør først på dagen, men så skal det bli bra.

– Onsdag til fredag ser det ut til å bli svært så fint vêr, ifølgje prognosane. Ein kan vente seg opp mot 25 grader og sol frå skyfri himmel. Onsdag ser ut til å bli den varmaste dagen, men det blir bra dei andre dagane også, seier Valved.