Hopp til innhold

Skuldingar om illjoalitet og rått løp

FØRDE (NRK): Ikkje til å stole på. Uprofesjonelle. Påstandane var knallharde då fylkesutvalet diskuterte siste runde i striden om aksjane i SFE.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

MISTILLIT: Stemninga var ikkje nemneverdig god då fylkesutvalet i dag diskuterte erfaringane med BKK i striden om aksjane i Sogn og Fjordane Energi.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Søndag ettermiddag kunne avisa Firda, ifølgje BKK, fortelje at Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde forsøkt å kjøpe selskapet sine aksjar i Sogn og Fjordane Energi (SFE) med å tilby dei kraftverka Mel og Østerbø.

Ikkje lenge etter kom fylkesordførar Jenny Følling (Sp) på banen og aviste opplysningane frå BKK. Selskapet er nest største eigar med 36,8 prosent av aksjane.

Avisoppslaget fekk både Følling og resten av fylkespolitikarane til å sjå raudt, og reagere kraftig. Sinnet resulterte ei samrøystes fråsegn på dagens møte i fylkesutvalet.

Alvorlege andlet

Etter at Følling hadde banka gjennom nokre mindre saker utan debatt, stod temaet som verkeleg fekk opp pulsen på saklista. Brått forsvann smila og den hyggjelege tonen. I staden kunne vi lese alvoret og sinnet i andleta.

Striden om eigarskapen i SFE har ridd fylkespolitikarane som ei mare i lang tid. Det er ikkje berre politikarane i Hordaland som er sure fordi det nye fylket ikkje får hand om alle aksjane. I tillegg har fylkeskommunen gått til sak for å få avklara forkjøpsretten til dei aksjane som dei ønskjer å gi til kommunane i Sogn og Fjordane.

– Kan ikkje stole på BKK

Fylkesordføraren innleia forsiktig, men temperaturen tok seg raskt opp. Og alle var samstemte. Fleire gav uttrykk for at dei var svært skuffa, overraska og forbanna over at BKK i tolvte time avslutta forhandlingane, og i tillegg gjekk til media først og fortalde det.

– Eg har problem med å stole på BKK i denne typen prosessar, sa fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Ho tok og til orde for på nytt å sjå på modellen for korleis aksjegåva til kommunane skal handterast. Frykta for at BKK i neste runde kjem på handlerunde til kommunane for å sikre seg kontroll over desse aksjane var openberr under møtet.

– Viss vi kjenner oss utrygge på korleis aksjane vert tekne var på når BKK sit i sterke posisjonar må vi sjå på dette på nytt for å sikre innbyggjarane, seier ho til NRK etter møtet.

– Køyrer rått løp

– Utifrå det eg har høyrt i dag, er det vel ingen i fylkesutvalet som synest vi har så stor grunn til å stole på BKK som ein god medeigar, legg ho til.

Etter møtet gav ein tydeleg opprørt gruppeleiar i Senterpartiet, Sigurd Reknes, uttrykk for følgjande:

– Det vi ser er at BKK har ein plan for å sikre seg kontroll over kraftressursane i heile fylket. Dei køyrer eit rått løp for å oppnå det.

Sigurd Reksnes

REAGERER: Gruppeleiar i Senterpartiet, Sigurd Reksnes, meiner BKK har planar om å ta over alle kraftverka i fylket.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– BKK har vore illojale

Også fylkesordførar Jenny Følling (Sp) var tydeleg oppkava etter møtet. Ho fortel at ho opplevde stemninga som ganske alvorleg og at irritasjonen er stor over måten BKK har gått fram på.

– Dei har vore illojale og har vrengt på sanninga gjennom å påstå ting vi ikkje kjenner oss igjen i, hevdar fylkesordføraren.

– Vi er nøydde til å reagere når BKK går ut og refererer frå ein intern, konfidensiell prosess. I tillegg går dei ut med feil opplysningar som vi ikkje kjenner oss igjen i. Det går på tilliten laust.

Ho fortel at fylkesutvalet reagerte svært sterkt på påstandane om at fylket var villige til å gje vekk kraftverk.

– I realitetane kom forhandlingane aldri i gang då dei har vore hala ut av BKK. Og til slutt går dei først til media og seier at prosessen er stoppa, før dei varslar oss.

– Må få rydda opp

– Korleis skal de klare å styre SFE i lag med eit selskap der de så tydeleg seier at de ikkje har tillit til?

– Vi må ta dette opp med BKK og få rydda opp. Slik situasjonen er no er det problematisk.

BKK: – Vi vil det beste og er profesjonelle

Til påstandane om at BKK er uprofesjonelle og ikkje til å stole på, svarar konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland dette:

– Vi har vore ein langsiktig og industriell eigar i Sogn og Fjordane Energi i om lag 20 år. Og det vil vi halde fram med å vere i framtida og.

Jannicke Hilland

AVVISER: Konsernsjef Jannicke Hilland meiner BKK har gått fram på ein profesjonell måte til beste for kraftselskapa dei er medeigarar i.

Foto: BKK

Køyrer BKK eit rått løp for å sikre dykk kontroll over alt av kraftressursar i fylket?

– Vi ønskjer eit godt samarbeid med alle eigarane i Sogn og Fjordane Energi til beste for selskapet, eigarane og dei tilsette. Vi opptrer som ein profesjonell aktør.

Tek gjerne ein prat

Kva er eigentleg planen dykkar i Sogn og Fjordane?

– Vi ønskjer å utvikle oss som Vestlandet sitt fornybare energiselskap. Her er det mange spennande mogelegheiter for heile regionen. Vi er alt tungt inne i Sogn og Fjordane, og har heller ingen planar om å redusere aktiviteten vår. Tvert imot.

– Korleis skal de klare å sitje i same styret i SFE når den andre eigaren uttrykkjer mistillit?

– Vi må tenkje SFE sitt beste. Og eg inviterer gjerne fylkeskommunen til dialog rundt dette, seier Hilland.