Hopp til innhold

Mista jobben etter konkurs - har ingen tillit til Havforskingsinstituttet

Tidlegare tilsett i oppdrettsselskapet Nærøysund AS, Cato Sønnervik, har ikkje lenger tillit til Havforskningsinstituttet.

Nærøysund AS

GJEKK KONKURS: Nærøysund AS måtte slakte all torsken etter det blei påvist ein alvorleg fiskesjukdom i anlegget.

Foto: Nærøysund AS

Cato Sønnervik

MISTA JOBBEN: Cato Sønnervik tykkjer det er trasig at oppdrettsanlegget gjekk konkurs.

Foto: Privat

Måndag vedgjekk Havforskningsinstituttet å ha seld smitta torskeyngel til oppdrettsselskapet i Florø i 2006. I 2009 gjekk Nærøysund konkurs. Sønnervik var ein av om lag 10 tilsette som då miste jobben.

– At dei har innrømma det er på høg tid. At dei selde den fisken, var jo krise. Vi hadde gode arbeidsplassar og det var ei ny og spennande næring, seier han.

Lang kamp

No må Havforskningsinstituttet betale 20 millionar i kroner i erstatning til kreditoren Sparebanken Sogn og Fjordane. Tidlegare dagleg leiar i oppdrettsanlegget, Karl-Petter Myklebust, sa til NRK.no måndag at det var godt å bli trudde etter å ha kjempa ein lang kamp i fleire år.

Tykkjer det er trasig

I 2006 vart torskeoppdrett ei veksande næring og Nærøysund AS kjøpte yngel frå Havforskingsinstituttet. Det instituttet ikkje gav beskjed om, var at dei hadde smitte på anlegga sine. Yngelen hadde med seg den frykta bakterien Francisella. 3 år seinare var ein av landets eldste torskeoppdrettaren konkurs.

Cato Sønnervik jobba i selskapet i fem år og har ikkje lenger tillit til Havforskningsinstituttet.

– Nei, overhovudet ikkje. Det som skjedde var veldig trasig. Det var ein veldig spennande jobb og vi la mykje i den. Då var det ekstra trasig at noko slikt skulle skje, seier Sønnervik.