NRK Meny
Normal

Ingen har teke initiativ for å få meir vatn til dei utbygde vassdraga her i fylket

Det har gått to år sidan NVE og Miljøverndepartementet opna for strengare krav til minstevassføring i utvalde vassdrag. Men ingen naturvernorganisasjonar har kravd ny gjennomgang av vassdraga.

Jostedøla ved Fossøy

PÅ LISTA: Jostedøla i indre Sogn står på prioriteringslista over vassdrag der det kan vere aktuelt å påleggje vilkår som også kan gje produksjonsstap.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Vi må nok snu oss rundt ganske snart, seier leiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Marit Vøien Nes.

Det har gått to år sidan det vart offentleggjort ei lista over kva vassdrag som kan få høgare vassføring. Men ingenting har skjedd for at vatnet skal flaume friare enn før.

Naturvernleiaren seier det er viktig med strengare vilkår i allereie utbygde vassdrag. Men samtidig.

– Men samtidig så har vi så mange nyutbygde prosjekt gåande i mindre vassdrag på Vestlandet. Så det handlar også om kva vi skal bruke tida på, seier Nes.

Skal gjere levekåra betre for fisken

Miljødirektoratet og NVE gjekk for eit par år sidan gjennom over 400 kraftkonsesjonar, som i løpet av det neste tiåret kan få nye og strengare miljøkrav.

Rune Flatby i NVE seier det viktigaste målet er å gjere levekåra betre for fisken. Det betyr at kraftselskapa må bu seg på å la det renne meir vatn i elvane.

– Målet med å revidere vilkåra er å oppnå miljøbetringar. Vi har gått gjennom alle vassdraga i landet, og gjort ei prioritering der vi meiner det kan vere aktuelt å påleggje vilkår som også kan gje produksjonsstap, seier Flatby.

Her i fylket står elleve vassdrag på prioriteringslista. Sju av dei med høg prioritet. Blant andre Jostedøla i Sogn og Jølstra i Sunnfjord.

Ingenting har skjedd på to år

To år har gått, likevel er ingen av dei inne til fornying. For sjølv om halve jobben er gjort, skjer det ingenting før nokon tek initiativet.

– I utgangspunktet er det basert på at det kjem ein førespurnad frå dei som er råka av utbygginga, gjerne ein representant for allmenne interesser, som foreiningar eller kommunen. Det er ikkje nokon omfattande prosess, men det handlar om å påpeike dei miljøulempene som er, og kva endringar som kan vere aktuelt å gjere, seier Flatby.

Men viss ingen fremjar eit slikt krav, skjer det ikkje noko.

– Då er det normalt sett eit uttrykk for at det ikkje er så store utfordringar i det vassdraget at det er trong for å ta ein gjennomgang, seier Flatby.

Handlar om kapasitet

Det siste spørst det om miljøvernarane er einige i.

– Det blir teke tak i, og vi vil sjå på det framover, seier Marino Ask i Sogn og Fjordane turlag.

Marino Ask i Sogn og Fjordane turlag seier dei har teke opp problemstillinga på nasjonalt nivå. Men også dei kjenner tidsklemma no når dei nye vasskraftprosjekta står i kø.

Marino Ask

KREVJANDE: Leiar i Sogn og Fjordane turlag, Marino Ask, seier at dei ønskjer å ta tak i saka, men at nye vasskraftprosjekt gjer at dei kjem i ei tidsklemme.

Foto: Marino Ask

– Trykket på utbygging av nye prosjekt, både innan vind og vatn, er ganske formidabelt. For Sogn og Fjordane turlag sin del, så dreier dette seg om mellom 40 og 50 høyringsuttalar i året. Det er nok dei som har vorte prioriterte, seier Ask.

Leiaren i naturvernforbundet seier ho skal sjå på saka.

– Eg vil sjå nærare etter denne rapporten, og ta det opp på fylkesplan, eventuelt snakke med Naturvernforbundet sentralt om kva vi gjer vidare, seier Nes.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen