NRK Meny
Normal

Ingen tek ansvar for forureining

Dei offentlege etatane peikar på kvarandre. Ingen tek ansvar for å finne ut av kven som står bak tilgrisinga av hamnebassenget i Måløy.

Fiskeolje

TILGRISA: Fiskefeitt i fjorden har ført til vond lukt og fleire døde fuglar i Måløy.

Foto: Kenneth Svoren

Hamnebassenget i Måløy har i fleire veker vore tilgrisa av fiskefeitt. Men verken politiet, fylkesmannen si miljøvernavdeling, Vågsøy kommune eller Kystverket har så langt teke ansvar for å for å finne ut av kven som står bak.

– Tilgrisinga har pågått i årevis og ingen har teke ansvar for å rydde opp. Slik er det også i dag. Det heile er frykteleg provoserande, seier Kenneth Svoren. Han har ein båt i hamnebassenget, som no er fullstendig tilgrisa med feitt.

Kommunen avviser ansvar

Lensmannen i Vågsøy, Tormod Hvattum, uttalte i går at politiet ikkje kan gjere noko med saka før Vågsøy kommune har kome på bana.

– I medhald av ureiningslova overlèt vi denne type saker til kommunen, seier han mellom anna.

Brannsjefen i Vågsøy, Kim Hjelle, avviser at Vågsøy kommune har ansvaret.

Brannsjef Kim Hjelle

IKKJE KOMMUNEN SITT ANSVAR: Kim Hjelle, Brannsjef i Vågsøy, seier det ikkje er kommunen sitt ansvar å rydde opp i forureininga.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Det har aldri vore aksjonert mot fiskefeitt i fjorden. Dette er ei type forureining som kommunen ikkje kan ta ansvaret for å rydde opp i, seier Hjelle.

Hos fylkesmannen si miljøvernavdeling får vi opplyst at det anten er Kystverket eller Vågsøy kommune som har tilsynsansvar i denne type saker.

Døde fuglar

Vaktleiar ved Kystverket sitt beredskapssenter, Stig Nordås, fortel at Kystverket først gjennom NRK fredag ettermiddag vart kjend med tilgrisinga av fjorden i Måløy. Nordås fortel at Kystverket vil sjå på saka. Ut over dette har han ingen kommentar.

Kenneth Svoren er opprørt.

– Vi har fått nok av at det blir sleppt ut fiskefeitt som forsøplar heile hamnebassenget. Feittet har i tre veker lagt seg som eit belegg langs heile strandlinja, spesielt på Ivahavet der det ligg 150 lystbåtar og der mange folk bur. Forsøplinga har pågått i mange år, men ingenting blir gjort, sa ein provosert Svoren til NRK i går.

Han fortalde at fleire fuglar var daude etter å ha vorte tilgrisa med feitt. Han påpeika også at fiskefeittet fører til svært vond lukt og båtane må spylast, vaskast og behandlast på nytt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.