Ingen teikn til oppblussing
Det har ikkje vore meir aktivitet i gras- og skogbrannen i Vågsøy. Eit hus vart evakuert og politiet ba alle om å lukke vindauge og dører då det byrja å brenne i ovanfor bustadfeltet på Øvre Tennebø. Alarmsentralen opplyser at vinden hadde løya og alt såg bra ut då Sivilforsvaret reiste som siste ressurs i halv ti-tida i går kveld. Det har ikkje blitt halde vakt gjennom natta.