Hopp til innhold

Ingen skil seg i Solund

I Solund kommune er det ikkje registrert ei einaste skilsmisse sidan 2008. Berre fire andre kommunar kan vise til det same, og Solund er den klart mest folkerike av desse.

Vårstemning i Solund
Foto: Frode Romarheim

- Vi er arbeidsame i Solund. Det gjeld alt. Vi jobbar for å få til ekteskapa våre og, seier Ingvar Mårstig i Solund til VG Helg.

Han har vore gift med si Nina i 17 år, og dei er eit av para VG sitt helgemagasin vier fem sider til på laurdag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Faksimile frå VG Helg

KJÆRLEIKSGÅTA: VG Helg brukar fem sider på å finna ut kvifor kjærleiken varar så lenge i Solund.

Samhald sidan 2008

Ole Gunnar Krakhellen

UGIFT: Ordførar Ole Gunnar Krakhellen er ugift, men har kjæreste i Bergen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Årsaka er at blant dei 874 innbyggjarane i Solund er det ikkje registrert ei einaste skilsmisse sidan 2008. Fire andre kommunar står også med ein 0 i skilsmissestatistikken, men dei er alle vesentleg mindre enn Solund i folketal. Fedje med 596 innbyggjarar er den nest største skilsmissefrie kommunen.

Rett nok skriv Statistisk Sentralbyrå talet til null om det har vore 0,1,2 eller tre skilsmisser på grunn av omsyn til personvernet, men ordførar Ole Gunnar Krakhellen, som sjølv er ugift, har ikkje høyrt om skilsmisser i kommunen i det siste.

- Eg er stolt over mine i Solund, ja. Visst er eg det, seier han til VG Helg.
Kvart år er det 10.000 skilsmisser i landet, altså 45 prosent av alle ekteskap som blir inngått.

Tid for seg sjølve

Ein forstår kor godt ein har det når ein ikkje får vera saman så mykje som ein vil.

Helga Lending (68) / VG Helg

Fråveret av skilsmisser i Solund blir forsøkt forklart med at mennene tradisjonelt har vore på sjøen i lange periodar. Det kan ha gjort kvinnene sterke og sjølvstendige, og fått dei til å sakne mennene sine.

- Ein forstår kor godt ein har det når ein ikkje får vera saman så mykje som ein vil, seier Helga Lending (68) som fortel om gleda ho kjende kvar gong ho såg båten til mannen Arne på veg inn frå havet.

Les kommunehistoria til Solund her

Verre i Finnmark

Psykolog og parterapeut Eva Tryti gir ho støtte i det.

- Og Sogn og Fjordane har alltid kome godt ut når det gjeld skilsmisser, seier ho til VG Helg.

Ingen andre kommunar i Sogn og Fjordane er inne blant dei ti mest skilsmissefrie kommunane, medan Unjarga Nesseby i Finnmark er den kommunen med felst skilsmisser i forhold til folketalet. Blant dei 856 innbyggjarane har det vore 21 skilsmisser sidan 2008.

Alle folketala i artikkelen er frå 2008.