Hopp til innhold

Ingen scorar færre og slepp inn fleire: – Det fungerer dårleg

Florø-trenar Terje Rognsø er inne i si tøffaste tid som trenar for førstedivisjonslaget. Laget har berre tatt fem poeng på årets ni første kampar.

Terje Rognsø

GRUBLING: Sviktande resultat og dårlege prestasjonar i dei siste kampane bekymrar Florø-trenar Terje Rognsø. – Det er ein utfordrande kvardag og det går mykje tid til å tenka over kva ein kunne gjort annleis, kva ein gjer feil og kva ein gjer riktig, seier han.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Verken poengfangsten eller prestasjonane har vore gode nok. Det går på sjølvtilliten laus, seier Rognsø.

Til helga vert den tiande runden i årets førstedivisjon spelt. Florø starta strålande og stod med fire poeng på dei første to kampane. Dei neste sju har berre gitt eitt poeng, tre scora mål og 21 mål i mot.

Annleis enn i fjor

Poengfangsten plasserer Florø sist på tabellen før heimekampen mot Levanger i helga. Men årets sesongstart er ikkje så mykje verre enn i fjor. Då gav dei første ni kampane sju poeng.

Likevel er det noko som er annleis i år.

– I fjor følte vi at vi hang med i alle kampane og hadde litt marginar i mot oss som gjorde at vi tapte poeng. I år har vi gjort for mange personlege feil og rett og slett ikkje vore gode nok. Det gjer at eg er meir bekymra no enn i fjor, seier Rognsø.

– Er dette din tyngste tida du har vore gjennom som Florø-trenar?

– Ja, og det gledt fleire i klubben. I alle år har pila peika oppover, no peiker den brutalt nedover.

Merker det i byen

I fjor då Florø var debutant i førstedivisjon, var det ein enorm entusiasme rundt laget. Berre dei to siste heimekampane, då Florø ikkje hadde noko å spela for, hadde under 1000 tilskodarar. I år er det berre 16. mai-kampen mot Nest-Sotra (0–2-tap) som har trekt over 1000 til stadion. Då tok 1186 turen.

– Det er klart at entusiasme og resultat heng saman. Dei som går på fotballkamp vil sjå eit lag som speler god fotball, scorar mål og vinn fotballkampar. Det har ikkje vi gjort i år, seier Rognsø.

Første sjanse til å snu den negative trenden kjem på søndag klokka 18.00. Då kjem Levanger på besøk til Florø.

Laster innhold, vennligst vent..