NRK Meny
Normal

Ingen rabatt på nynorskbøker

- Vi kan ha tapt opp mot 100.000 kroner, seier skulesjef i Sogndal kommune, Gunnar Stundal. 

Gyldendal forlag trakk tilbake innkjøpsrabatten før lærebøker på nynorsk var klare for bestilling.

Fleire kommunar slit difor med å få tak i rabatterte skulebøker på nynorsk.

Tok ikkje sjansen

Gyldendal trakk tilbake rabatten på innkjøp av skulebøker som dei hadde til tidleg i juni. Problemet for nynorsk-kommunane var at dette var før nynorskversjonen av lærebøkene til grunnskulen var klare. Og utan å kunne sjå gjennom lærebøkene tok ikkje skulesjefen sjansen på å gå til innkjøp.

- Vi fekk alle prøve-eksemplar på bokmål. Difor fekk vi ikkje nytta rabatten.

Lovar bot og betring

Læreplanane har blitt kraftig endra før dette skuleåret, slik at uvanleg mange lærebøker må skiftast ut. Men no lovar forlagsdirektør Paul Hedlund i Gyldendal Undervisning bot og betring.

- Desse kjøparane kan henvende seg til forlaget, så skal dei få den rabatten dei ville fått om dei hadde bestilt i juni.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå