NRK Meny

Ingen pengar til økoskule i Sogn

Regjeringa har ikkje sett av pengar til Sogn jord- og hagebruksskule i forslaget til statsbudsjett. – Eg er ikkje overraska, men vi har ikkje gitt opp håpet. At det ikkje ligg inne no betyr ikkje at det er umogleg å få til. Vi vil jobbe opp mot forhandlingane som no skal vere om budsjettet, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad (H).

Sogn Jord og hagebruksskule i Aurland
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK