NRK Meny
Normal

Ingen mistenkte etter innbrot

Politiet har ingen mistenkte etter datainnbrotet i Sogndal. Natt til i går fekk tjuvar med seg datamaskiner og mobilar for fleire hundre tusen kroner frå XS Data og Multimedia.

Innbrot i Sogndal
Foto: Idar Nes

– Politiet har no gjennomført åstadsgransking utan det har ført oss noko nærare konkrete mistenkte seier politioverbetjent Norvald Ylvisåker.

– Vi er framleis interesserte i tips frå publikum, alt er av interesse for vi står jo meir eller mindre på bar bakke.

Innbrotet vart oppdaga i går då ein av dei tilsette skulle opne butikken. Han såg då at ruta var knust og trudde først det var hærverk, men då han kom inn i butikken såg han fort at det hadde vore folk der inne.

Når NRK snakkar med butikkeigar Idar Nes tysdag ettermiddag har han framleis ikkje fått oversikt over kor mykje som er stole

– Eg har framleis ikkje fått gått gjennom alt, men ut frå det eg ser så snakkar vi nok om verdiar for mellom 200 000 og 300 000 kroner.

Kan ha rekognosert på førehand

Wilhelm Fredrik Tangerud

INNBROT: Senterleiar Wilhelm Fredrik Tangerud

Foto: Oskar Andersen

– Vi har overvakingsvideo som syner nokon som går og kikkar inn vindauge i butikken ved halv tre tida, fortel Wilhelm Fredrik Tangerud som er senterleiar ved Amfi Sogningen i Sogndal.

Ikkje lenge etterpå bryt tre personar seg inn i butikken. Sjølve innbrotet er gjort unna på få minutt.

– Om det er dei same personane som står bak innbrotet som også har vore og rekognosert er vanskeleg å seie. Det var mørkt og det regnar så det må politiet avgjere.

Politiet ynskjer så langt ikkje å offentleggjere bileta frå overvakingsvideoen

Andre innbrot på kort tid

Også i september i fjor var det innbrot i elektrovarebutikken, den gongen fekk tjuvane med seg varer for mellom 100.000–200.000 kroner.

Om det kan vere samanheng mellom tjuveri vil ikkje politiet spekulere i no.

– Det er jo litt spesielt at det er same butikken, så vi kan ikkje sjå vekk ifrå det. Men tjuveriet den gonge blei ikkje oppklart, så då er vi like langt, seier Ylvisåker.

Etter det førre innbrotet installerte Amfi Sogningen alarmar og bevegelsedektorar, men det stoppa ikkje tjuvane denne gongen.

– No er det det å seie om alarmar at diverre så er ofte responstida lenger enn innbrotstida, seier Tangerud.

– Denne gongen brukte ikkje tjuvane mange minutta, så vi får sjå kva vi kan gjere betre.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå