Hopp til innhold

Ingen medynk frå regjeringa for millionsmell

– Fylkeskommunane bør klara å gi eit godt skule- og båtrutetilbod, sjølv om dei misser store kraftinntekter til nye storkommunar, meiner statssekretær Jardar Jensen (H)

Jardar Jensen

«GOD LØYSING»: Nye storkommunar vil få kraftinntektene som fylkeskommunane tidlegare har fått: – Då får lokalsamfunna meir pengar til å gi endå betre tilbod, seier statssekretær Jardar Jensen (H)

Foto: Sander Andersen / NRK

Kommunereforma kan føra til at fylkeskommunane samla tapar 350 millionar kroner, som i dag går til vegar, vidaregåande skular og båtruter. At dette kan gå ut over bilistar, elevar og passasjerar, er Jardar Jensen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet ikkje med på.

– Eg tykkjer det blir heilt feil spørsmål. Inntektssystemet skal nettopp finansiera desse tenestene, utan kraftinntekter. Eg er difor ikkje med på at kraftinntektstap fører til at skular og båtruter blir lagde ned, seier Jensen.

350 millionar

Jensen er ein av dei ansvarlege for regjeringa sitt prestisjeprosjekt – kommunereforma – som kan gå hardt ut over mange fylkeskommunar. Berre i Sogn og Fjordane vil fylkeskommunen til dømes tapa over 30 millionar kroner dersom kraftkommunane Vik og Aurland slår seg saman med Voss, noko dei skal greia ut.

Grunnen er at ein ny storkommunen då vil bruka opp alt av den såkalla konsesjonskrafta sjølv, slik at det ikkje blir att noko til fylkeskommunen.

– Dette er store summar og eit nasjonalt problem. Difor må det òg løysast nasjonalt, sa fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) til NRK.

– Kutta vil koma på vegar, rutedrift, vidaregåande skular.

Ingen kompensasjon i vente

Sogn og Fjordane og 10 andre kraftfylke krev at staten skal kompensera for tapte kraftinntekter, ved å gi fylkeskommunen og kommunane ein større del av den såkalla naturressursskatten.

Men det kravet vil regjeringa ikkje ta stilling før dei ser utfallet av kommunereforma, seier statssekretær Jensen. Han har liten medynk med fylkeskommunane.

– Det er viktig å vera klar over at det fylkeskommunale tenestetilbodet blir finansiert gjennom skatteinntekter og av rammetilskot. Kraftinntektene kjem i tillegg til desse pengane frå staten. Og det er mange fylkeskommunar som ikkje har konsesjonskraftinntekter, som gir eit godt tilbod til innbyggjarane sine, seier Jensen.