Hopp til innhold

Stiller ingen kompetansekrav til ny næringssjef: Useriøst, meiner politikar

Politikarane i Gloppen har bestemt at kommunen skal tilsetje ein næringssjef. No er utlysinga klar, og den har fått fleire til å steile.

Ragnar Eimhjellen er kritisk til stillingsutlysinga som næringssjef i Gloppen.

KRITISK: Venstrepolitikar i Gloppen, Ragnar Eimhjellen, meiner ein bør trekke stillingsutlysinga som næringssjef i kommunen tilbake, og lyse ut stillinga på nytt.

Foto: Sogn og Fjordane Venstre/montasje NRK

– Eg er litt oppgitt, og opplever stillingsutlysinga som totalt uambisiøs og til dels useriøs. Det er trass alt ei næringssjefsstilling vi skal ha på plass, seier Venstre-politikar i kommunen, Ragnar Eimhjellen.

Sist veke lyste kommunen ut stilling som næringssjef, ei stilling politikarane i juni bestemte å opprette. Bakgrunnen er at politikarane ynskjer å få fart på næringsarbeidet, og sette i gang eit systematisk og målretta arbeid for å utvikle næringsarbeidet.

Har aldri opplevd liknande

I jakta på rett person, kan ein i stillingsutlysinga mellom anna lese at: "Vi stiller ikkje spesielle krav om utdanning og bakgrunn, men du må vere tale- og skrivefør". Det er for slakke krav, meiner Eimhjellen.

– Ein seier eksplisitt at ein ikkje stiller krav til kompetanse og bakgrunn. Det må vere den første offentlege utlysinga der ein ikkje stiller slike krav. Ein lyser ikkje lærarar utan å stille faglege krav og kompetanse. Også ein reinhaldar må kunne noko om reinhald. Det er meiningslaust, seier Eimhjellen.

Også Gloppen Næringsorganisasjon er kritiske til måten kommunen har formulert utlysingsteksten på. I eit brev til rådmannen, peikar dei mellom anna på at det bør vere lov å stille krav til søkjarane om utdanning og bakgrunn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Deler av stillingsutlysinga som næringssjef

KRAV: Gloppen kommune vil ha næringssjef, men ikkje alle likar krava eller mangelen på krav som blir stilt til søkjarane.

– Vi tenkjer med våre næringshovud, så vi ynskte gjerne nokre spesifikasjonar om kvalifikasjonar på næring, at ein har vore bort i ei eller anna form for næringsdrift før, seier leiar i organisasjonen, Marianne Ryssdal.

Eimhjellen meiner på si side at næringsordningane er så kompliserte at det burde vore konkrete krav knytt til slik kompetanse eller erfaring.

– Det er eit konglomerat av tilskots- og låneordningar, såkornfond og alt mogleg. Ein næringssjef må kunne turnere dette, og hjelpe gründerar i oppstartsfasen, eller så treng vi ikkje ein næringssjef.

"Løn skal du få"

Organisasjonen kallar også fleire andre formuleringar i teksten for useriøse og uambisiøse. I utlysinga kan ein nemleg også lese at "Lønn skal du få, (...)", og "(...) vi forventar ikkje at du skal arbeide døgnet rundt".

– Vi hadde valt å skrive det litt annleis. Alle arbeidsgjevarar i dag betaler ut løn, og alle må ta omsyn til Arbeidsmiljølova, så det føler vi vart litt useriøst, seier Ryssdal til NRK.

Rådmann, Jan Kåre Fure, som har ført utlysinga i pennen, forstår at nokre kan reagere på ordvala, men seier det er ein klar tanke bak formuleringane.

– Eg har heile tida vore klar på at vi er på jakt etter ein utradisjonell person, som kan fronte og vere god ambassadør for kommunen. Vi ser ikkje etter ein typisk byråkrat eller saksbehandlar som skal fylle opp eit kontor på heradshuset, seier Fure.

Likevel kunne ein vel stilt krav til utdanning eller erfaring?

– Vi stiller krav, men ingen spesifikke krav. Verken frå masterutdanning, erfaring frå prosjektarbeid eller liknande som det vanlegvis blir stilt krav om. VI går breitt ut for å få tak i interessante personar. Då kan vi lokka til oss personar med spesiell erfaring og kompetanse, som kunne blitt utestengd om vi snevra inn. Mange søkjarar er berre lekkert, seier rådmannen.

Omdiskutert stilling i kommunen

Det er ikkje første gong det er politisk debatt om stillinga. Då saka låg på politikarane sitt bord i juni, stod det i sakspapira frå rådmannen at ein burde krevje buplikt i kommunen av den som vart tilsett. Det likte fleirtalet av politikarane dårleg, og stemde ned forslaget.

Med dagens utlysing er Eimhjellen skeptisk til om særleg mange vil søkje på stillinga.

– Eg tvilar på det blir så mange fagleg kompetente søkjarar når arbeidsgjevar går ut med så uambisiøs stillingsannonse. Utlysinga burde vore trekt tilbake og lyst ut på nytt. Og ein kunne kontakta næringsorganisasjonen for å få hjelp til teksten, seier Eimhjellen.

Rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure

UTRADISJONELL: Rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure, leitar etter ein utradisjonell person til stillinga som næringssjef.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det gjorde også rådmannen, men annonsen vart publisert før Næringsorganisasjonen rakk å kome med sine kritiske tilbakemeldingar. Det har rådmannen beklaga.

Venstrepolitikaren fryktar no det blir gjort ei tilsetting på sviktande grunnlag.

– No står rådmannen fritt til å plukke, og eg fryktar det er trynefaktoren som blir avgjerande, seier Eimhjellen.

Men rådmannen meiner han har lite å frykte. Ordførar, Næringsorganisasjonen og tillitsvalde skal alle vere med i prosessen vidare.

– Vi skal tilsette den best kvalifiserte og eigna, at vi legg vekk på noko anna er grunnlaus frykt. Det kan eg forsikre om at ikkje vil skje, seier Fure.