NRK Meny
Normal

Ingen knivdesperado laus i bygda

Mannen som tidlegare i august hevda å ha blitt knivstukken, knivstakk seg sjølv.

Busshaldeplassen på Galden, Hafslo

POLITIMELDE KNIVSTIKKING: I meldinga til politiet hevda mannen å ha blitt knivstukken i området rundt busshaldeplassen på Galden på Hafslo.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Mannen som først var rekna som fornærma melde sjølv frå om at han var blitt knivstukken ved busshaldeplassen på Galden på Hafslo.

– Det var ei sak som stod fram som svært alvorleg og som skapte mykje frykt og spekulasjonar på Hafslo og området rundt, fortel regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Fekk tidleg mistanke

Arne Johannessen

ROP OM HJELP: Arne Johannessen seier den falske forklaringa truleg var eit rop om hjelp.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Tidleg i etterforskinga fekk politiet mistanke om at ikkje alt stemte av det mannen hadde forklart om at han var blitt knivstukken.

– Det enda med at vi no sit igjen med ei sak som handlar om falsk politimelding og falsk forklaring. Etter lang etterforsking la han som i utgangspunktet var fornærma, alle korta på bordet og vedgjekk at dette ikkje stemte.

Johannessen ønskjer ikkje å gå innpå forklaringa til mannen, men seier det er ingen tvil om at mannen veit kva han har gjort og at han erkjenner straffeskuld.

– Når slikt skjer er det ofte eit rop om hjelp, eit rop for å verte sett og få hjelp og støtte, så det er ei sak som både er politimessig og som helsevesenet er involvert i, seier han.

Mykje rykte på bygda

Hendinga har skapt mykje rykte i bygda, fortel regionlensmannen.

– Det er naturleg at det skapar redsle. Folk lurer jo på om det er trygt å ferdast der, men no kan vi forsikre folk om det er ingen knivdesperado som går laus. Rykta stemmer ikkje. Dette er ein person som har skada seg sjølv og som har vedgått alt saman, seier han

Saka er no avslutta og sendt vidare til påtalemakta i Florø.

– No er det opp til dei å vurdere påtalemessige spørsmål og så reknar eg med at helse følgjer opp sin del, seier han.

Ikkje første gong

Dette er ikkje første gong at nokon har skada seg sjølv og deretter forklart seg falskt. Seinast i førre veke vart ein vektar i Oslo sikta for falsk forklaring etter at han hevda å ha blitt skoten på Blindern. Tre dagar seinare hevda ein mann i Langevåg på Møre å ha blitt angripen av taggarar. Heller ikkje dette viste seg å vere sant.

– Det er sikkert nokre fellestrekk i desse sakene og det er veldig ofte folk som vil bli sett og høyrt, utan at eg skal gå lenger innpå det og spekulere i motiv. Men det er veldig alvorleg å kome med ei falsk politimelding. Du set i gang eit svært apparat. Politiet må etterforske med alle moglegheiter opne sjølv om ein har mistankar, seier Johannesen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser