Hopp til innhold

Ingen jubeldag for Bø-brørne

Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø hamna eit stykke nede på resultatlistene under dagens sprint i Østersund.

Tarjei Bø måtte sjå seg slått av franskmannen Martin Fourcade.

SLÅTT: Martin Fourcade gjekk til topps under sprinten, medan Tarjei Bø måtte nøye seg med ein 15. plass i Østersund.

Foto: Marcus Eriksson / NTB scanpix

– Det var mykje bra, og eg kunne nådd pallen om eg hadde gått feilfritt, men eg feiga litt ut på slutten, seier Tarjei Bø etter avslutta sprintløp.

Han gjekk inn til 15. plass, med to bom på siste skyting, og er meir nøgd med dette rennet enn normaldistansen tidlegare i veka, der han hamna på 29. plass.

– Langrennstida var bra, og eg hadde meir å gå på i sisterunda, men det manglar framleis litt, seier stryningen til NRK.

Martin Fourcade var det ingen som kunne true på sprinten. Han gjekk i mål heile 28,3 sekund før Ondrej Moravec. Emil Hegle Svendsen vart beste nordmann på 7. plass.

– Juniorfeil øydela løpet

Heller ikkje veslebror Johannes Thingnes Bø hadde hellet med seg i sprinten. Han fekk totalt fire bom, to på kvar av skytingane, og gjekk i mål som nummer 40.

– Eg vil rett og slett for mykje, og gjer ein juniorfeil på begge skytingar. Eg skyt sjølv om eg ser at det blir bom. Eg må roe ned og gjere det enkelt, seier Johannes.

Begge to vart overraska av forholda under løpet, for medan det tidlegare i veka har vore til dels mykje vind, var det heilt vindstille på standplass laurdag.

– Eg vart tatt på senga av dei gode forholda, seier Johannes.

– Det skal ikkje gå an å bomme, men det lovar eg at det gjer uansett det, dessverre, seier ein litt oppgitt Tarjei.

Klare for revansj

Søndag er det jaktstart, men dei to brørne har ikkje gjeve opp håpet om å klatre på resultatlista, sjølv om dei må starte eit stykke bak.

– Eg må gå knallhardt ut, og knappe sekund frå start av. Så får vi stase på at dei framme går i lag og lurer litt. Det er langt fram til førsteplassen, men andreplassen kan gå, seier Tarjei.