Hopp til innhold

Ingen hugsa noko - alle frifunne

Ein mann i slutten av 20-åra er i Fjordane Tingrett frifunnen for promillkøyring.

I august i fjor vart politiet varsla om ei mogeleg promillekøyring i Førde. Då dei kom fram til bilen fann dei sunnfjordingen liggande i vegen utanfor bilen, i baksetet på bilen låg det ytterlegare to personar og sov, og ein tredje person stod utanfor bilen.

Alle dei fire var rusa og hevdar dei ikkje hugsar kven som køyrde.

 Retten har kome til at sidan ein ikkje kan seie sikkert kven som var sjåfør må dei frifinne mannen.