Hopp til innhold

Ingen har trekt seg som meddommarar

Tingrettane i Sogn og Fjordane har så langt ikkje blitt kontakta av meddommarar som vil trekkje seg. Domstolar fleire stader i landet har dei siste dagane blitt kontakta av personar som ikkje lenger vil ta oppgåva som meddomar. Årsaka skal vere den massive merksemda rundt den omstridde valdtektsdommen frå Hemsedal. Namna til meddommarane som frikjende tre menn for valdtekt har blitt lagt ut i sosiale medium og blitt gjenstand for hard kritikk. Så langt har sorenskrivarane i fylket ikkje merka noko i kjølvatnet av den mykje omtalte saka.

Fjordane tingrett
Foto: Oddleif Løset / NRK