Hopp til innhold

Verken forsikringsselskapa eller Vegvesenet veit kva uvêret sine herjingar vil koste

Verken forsikringsselskapa eller Vegvesenet har oversikt over kor store skadane er etter uvêret som herja fylket fredag og laurdag. Fleire hundre kundar på Vestlandet har allereie kontakta forsikringsselskapa.

Skred i Oppstryn

STORT RAS: Eit av mange ras som herja fylket i helga.

Foto: Jan Helge Aalbu

– Vi bør nok vente litt før vi summerer opp. No står vi midt oppe i det, og er mest opptekne av å hjelpe folk.

– Vi ta ei endeleg oppsummering på korleis dette er samanlikna med tilsvarande hendingar litt seinare, seier informasjonssjef for skadeforsikring i Gjensidige, Bjarne Aani Rysstad.

Har blitt kontakta av over 300 kundar

Fredag bøtta regnet ned, noko som fekk dramatiske konsekvensar for fleire hus og byggeigarar over heile fylket.

Vatn fløymde inn i hus, og så langt har over 300 personar på Vestlandet kontakta forsikringsselskapa Tryg og Gjensidige.

– Det er mange fortvila kundar som kontaktar oss. Det gjeld i hovudsak vasskadar i bustadhus, hytter, hagar, næringsbygg og landbruk. Erfaringsvis erstatningssummane ligge på mellom 30.000 og 50.000 kroner. Men det er litt tidleg å seie, fortel Rysstad.

(Artikkelen held fram under)

Skredestranda opprydding

TEK TID Å RYDDE: I Skredestranda blir vegen truleg ikkje opna denne veka.

Foto: Øystein Torheim

– Mange dramatiske hendingar

I Oldedalen er 100 personar framleis utan straum og veg, etter at fem ras gjekk over vegen inn til bygda frredag. Rasa tok med seg steinar tre og jordmassar.

Fem personar var fanga mellom to av rasa, og måtte reddast ut av området. Kriseleiar i Statens vegvesen, Margot Åsebø, seier det har vore ei tøff helg for mange.

– Det har vore mange dramatiske hendingar. For dei som bur tett på vil dei oppleve det som spesielt dramatisk. Mange stader har hatt rasa tett på.

Ho seier det er for tidleg å seie noko om kva dei store øydeleggingane betyr i kroner og øre.

– Det går nokre dagar før vi har eit overslag, og så går det endå fleire dagar før vi har den endelege prisen for kva dette kostar.

Ingen personar har blitt skadde

Trass store nedbørsmengder og ei lang rekke med stengde vegar på grunn av ras, rasfare og flaum, i tillegg til øydeleggingar på hus, hytter og eigedom har det til alt hell ikkje ført til personskadar.

Men ved fleire høve har det vore nære på, og mange har opplevd uvêret sine herjingar tett på kroppen. Allereie tidleg sist veke varsla meteorologane om at det var ein hauststorm på veg, og natt til fredag kom det første varselet på det som var i vente.

Seint torsdag kveld dundra store steinblokker ned i vegbana på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Leikanger.

Dei største steinane var store som personbilar, og ei stund frykta ein at bilar kunne vere sopa på fjorden. Skremde pendlarar fortalde at dei prisa seg lukkelege for at det gjekk så bra.

– Det hadde ikkje vore mykje att av bilen om nokon hadde blitt trefte, sa Tommy Slinde som dagleg køyrer forbi rasstaden ved Ylvisåker.

(Artikkelen held fram under)

Riksveg 55 er sperra etter eit stort steinras ved Ylvisåker

STENGD: Riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal var stengd frå torsdag kveld til laurdag ettermiddag på grunn av eit stort steinras.

Foto: Ole Kristian Åset/Vegvesenet

Møtte ras på omkøyringsveg

Dårleg flyvêr gjorde at geologane måtte ta seg opp i fjellsida ved Ylvisåker til fots. Lause jord- og steinmassar i kombinasjon med mykje nedbør i vente, gjorde avgjerda deira enkel. Det var for farleg å opne vegen fredag.

Rundt om kring i Sogn og Fjordane vart det gjort liknande vurderingar, og fleire vegar vart stengde fordi Vegvesenet frykta det kunne gå ras. I fjellet herja uvêret, og fredag ettermiddag og kveld var både riksveg 13 over Vikafjellet og fylkesveg 55 over Sognefjellet stengde.

Blant vegane som vart stengde var fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde. I området ved Heilvang har det fleire gonger tidlegare gått ras, og med stor trafikk på vegen tok ein ingen sjansar.

Dermed måtte folk ut på omkøyringsvegar, men også der viste naturen sine krefter. Pendlar Gustav Skaar tok vegen via Dale, men før han kom heim til Stongfjorden møtte han ras.

Hus omringa av vassmassar – måtte evakuere

Over heile fylket bøtta det ned med regn utover ettermiddagen og kvelden fredag. I Naustdal sat sunnfjordingen Rune Furelid og såg på sjakk-VM medan vassmassane omringa huset hans.

Då han oppdaga det som var i ferd med å skje var det for seint.

– Eg såg ei elv som stod ned trappeoppgangen til huset mitt. Eg opna døra og då berre kom vatnet mot inngangspartiet. Eg måtte berre slenge att døra og sprang for å hente handkle og liknande som eg prøvde tette med, fortalde Furelid.

Brannvesen og kommune kom til for å hjelpe, og etter kvart måtte Furelid evakuere frå sin eigen heim.

(Artikkelen held fram under)

Ein mann er evakuert etter at vatn fløymde inn i huset hans ved Sæla i Naustdal. Riksveg 611 som går like ved huset er stengd. Brannmannskap og politi er på plass.

SJÅ VIDEO: Rune Furelid blei evakuert etter at vatn fløymde inn i huset hans ved Sæla i Naustdal. Riksveg 611 som går like ved huset, var stengd.

Bad folk halde seg heime

Utover kvelden fredag gjekk det stadig fleire ras langs vegane. Lista over stengde vegar på grunn av ras, rasfare og flaum vart berre lenger og lenger.

Hos Vegtrafikksentralen hadde dei sitt fulle hyre med å halde oversikta, og entreprenørane jobba på spreng for å rydde unna.

Men fleire stader frykta ein nye ras, og nokre av vegane vart det tidleg bestemt at ikkje skulle ryddast i mørket. På E39 i Våtedalen vart ein bil treft av stein, men til alt hell kom begge dei to i bilen frå det uskadde.

Fredag kveld vart bilistane oppmoda om å halde seg unna vegane natt til laurdag.

– Det er overhengande fare for at det kan kome fleire ras, og folk treng ikkje køyre rundt i utrengsmål, var den klare beskjeden.

Buss køyrde inn i ras

Like før midnatt fredag fekk politiet den dramatiske meldinga om at ein ekspressbuss hadde køyrt inn i eit ras på riksveg 15 ved Hjelle i Stryn. Mange av passasjerane halvsov då bussen bråbremsa. Jord og vatn spruta oppetter bussen og folk skjønte raskt at dei hadde køyrt inn i eit ras.

Rundt bussen både buldra og braka det i dei bratte fjellsidene og passasjerane fekk beskjed om å evakuere bussen. Det var lettare sagt enn gjort.

– Det var ikkje mogeleg å få opp den fremste døra på bussen, så bakdøra måtte opnast. Den første av dei som gjekk ut sakk langt ned i gjørme til beltet. Så då var det litt dramatisk, og det var mange som nekta å gå ut av bussen, fortalde passasjer Lars Inge Breivik.

Til slutt kom dei seg ut og gjekk nokre hundre meter bakover. Så gjekk det eit nytt ras, like framfor beina på dei. Innesperra av to ras fekk dei våte og kalde passasjerane etter kvart søke lys hos eit ektepar i nærleiken.

Også i Briksdalen i Olden måtte folk ha hjelp etter at dei vart innesperra av ras. Bilistane fekk hjelp av ein entreprenør til å kome seg vekk frå staden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Der det er hjerterom er det husrom - også for tretti skremde busspassjerar. I dagslys er ho tilbake der dramaet starta.

BUSS KØYRDE INN I RAS: Ein buss køyrde seint fredag kveld inn i eit ras på riksveg 15 i Stryn.

Blir stengd heile veka

Langs Skredestranda på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Stryn er nær 300 meter med veg dekt av stein, jordmassar, tre og rotvelter.

Ryddearbeidet er så omfattande at vegen vil vere stengd langt ut i veka.

– Vi startar med spyling og opprydding måndag morgon. Vi trur det går veka, men er usikre på tidspunktet vegen kan opnast, for vi veit ikkje kor store skader det er på vegen under all jorda, seier seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Elva grov seg nye vegar

Brannkorpset har fleire stader måtte rykke ut for å hjelpe folk som har fått husa sine fylte med vatn. I Kråkenesmarka utanfor Førde vart klubbhuset til pistolklubben fylt med vatn, og det stod vatn høgt opp etter veggane fredag kveld.

– Det er vatn i alle rom og det står 10–15 centimeter opp på veggane. Ting flyt på golvet. Det første vi gjorde var å kutte straumen, for det var litt leidningar som låg i vatnet, sa Sissel Hals som er kasserer i klubben.

På Lote i Eid måtte Aud Hjelle flytte ut av huset ho budde i fordi ei elv grov seg under det. Først då det vart lyst av dag laurdag innsåg ho kor gale det var.

Det eine hjørnet på huset hang i lause lufta. Men ho frykta ikkje at huset skulle fare med elva.

– Men det burde kanskje ikkje bu folk her, vedgjekk ho.

(Artikkelen held fram under)

Skred i Oldedalen

UTAN VEG OG STRAUM: Dei vel 100 innbyggjarar inst i Oldedalen har måtte klare seg utan veg og straum sidan rasa fredag.

Foto: Jan Helge Aalbu

Må klare seg utan veg og straum

I Oldedalen i Stryn sperra fem ras vegen inst i dalen, og forholda var laurdag slik at dei ikkje fekk rydda vekk alt. Geologen som hadde vurdert området frå fjellsida vurderte det som ikkje trygt å halde fram arbeidet.

Dermed er bygda utan veg, mest sannsynleg til over helga. Og vegstenginga fører også til andre problem. Straumen vart vekke ved midnatt fredag, og utan vegsamband får ikkje Stryn Energi fullført arbeidet. Dei 100 innbyggjarane inst i dalen må difor greie seg utan straum også resten av helga.

Jan Høgalmen seier situasjonen ikkje er ideell, men at dei må klare seg så best dei kan. Dei aller fleste har sikra seg med straumaggregat.

– Om det skjer noko er vi litt innesperra. Vi har ein båt som går på vatnet her, og den kan vi bruke. Og om det er noko lunde godt nok vêr kan det kome helikopter. Men no har det byrja regne og det er ganske tungt her inne, så det er ei uhyggjeleg stemning i dalen. Det skal eg ikkje leggje skjul på, seier han til NRK.no laurdag kveld.

Full stogg i produksjonen

Vegstenginga i Oldedalen får også konsekvensar for Olden Brevatn. Dei ti tilsette får fri på ubestemt tid etter at fabrikken verken har vegtilkomst eller straum.

– Vi får ikkje gjort noko når der ikkje er straum, og ikkje kjem vi oss til fabrikken heller, seier vedlikehalds- og kvalitetsleiar ved Olden Brevatn, Helge Kvame.

Oppryddingsarbeidet har starta, men geologar som har vurdert området meiner det ikkje har vore trygt å halde fram arbeidet. Rasa drog også med seg straumlinjene, og Stryn Energi får ikkje fullført deira reparasjonar før vegen er på plass og området er tryggare å arbeide i.

– Vi har gjort førebuingar og greve fram kablar, så vi er klare til å starte på reparasjonane i morgon tidleg. Heile linja er reist på fjorden, så i morgon skal vi frakte inn stolpar med båt, fortel energisjef i Stryn Energi, Jan Træen.

Han seier dei er optimistiske og håpar å kome i mål med arbeidet måndag.

Åtvarar mot å ferdast i båt

I Hornindal flyt store mengder tømmer rundt på Hornindalsvatnet etter det store skredet i Skredestranda. Ordføraren ber folk vere forsiktige, og åtvarar mot å ferdast på vatnet.

– Det kan vere farleg å ferdast med båt på vatnet. Etter skredet som kom ned i Skredestranda, har det kome store mengder drivtømmer til Hornindal. No ligg det langs vasskanten i store delar av sentrumsområdet.

– Vi er usikre på om alt har drive inn her, eller om det er meir ute på vatnet, seier ordførar Anne-Britt Øen Nygård.

«Hilde» kan føre til nye bygningslover

Statsminister Erna Solberg ser ikkje vekk frå at uvêret sine herjingar i helga kan føre til strengare reglar for kor det er lov å byggje hus i framtida.

Det har vore nære på fleire stader i fylket, men ingen hus har blitt tekne av ras. Fleire hus er bygd i område som viser seg å vere utsette for ras, spesielt gjeld dette fleire eldre hus.

Erna Solberg avviser ikkje tanken på å stramme inn regelverket når det gjeld nybygging i slike område.

– Det kan vere at vi treng sterkare reglar i regelverket. Ein kan aldri hindre at slikt skjer, plutseleg kjem rasa på ein plass der ein ikkje kunne føresjå i det heile teke. Men vi kan gjere ein betre jobb på dette, og planlegge betre, seier statsministeren.

Erna Solberg utelukker ikkje strengare lovar om husbygging i rasutsatte område