Kvinna som har vore etterlyst lengst og som framleis ikkje har meldt seg for politiet, er observert berre førti til femti meter i frå drapsstaden omlag kvar over sju den morgonen Anne Slåtten vart drepen.
Politiet etterlyser også ei anna kvinne som skal ha kome ut av Groven drapsmorgonen og som kan møtt Slåtten på veg til jobb. I tillegg er ein syklist observert ned Angedalsvegen omlag ti over sju. Ein syklist er også observert på veg opp Angedalsvegen mot sjukehuset omlag på same tid.
Den mørke bilen som er sett i stor fart på Hafstadfalta fem over halv åtte same morgon er heller ikkje identifisert.
Tipsflaumen held fram
Om nokon av desse kan vere Anne Slåtten sin drapsmann vil ikkje lensmannen i Førde spekulere i.
Men sjølv om ingen av desse har meldt seg, held tipsflaumen inn til politiet fram. Spesielt etter at politiet fredag gjekk ut å ba folk melde frå om personar som kan ha kloremerke eller har endra oppførsel etter drapet.