Hopp til innhold

Ingen har gått denne ruta på ski før dei

Då kameratane skulle ta seg ein fjelltur i fantastisk påskevêr, testa dei like gjerne ut ei rute ingen har gått på ski tidlegare.

Ny fjellrute på tur i Sogn

NY RUTE: Denne ruta skal ingen, etter det turkameratane kjenner til, ha prøvd tidlegare. Foto: Dag Mundal. Musikk: Eye Emma Jedi: Sin

For Jo Marius Bøyum, som ikkje er særleg vand med skigåing, vart det ei fantastisk oppleving. Rundt klokka 09.00 påskeaftan la dei ut frå ein stad nær Mundal sentrum i Fjærland.

– Etter det me har forstått, er me dei fyrste som har gått denne ruta på ski. Då er det ekstra stas å gå, seier Bøyum.

1500 høgdemeter og bratte skrentar

I november vann den nye skientusiasten eit skipar. Etter det stod berre att å finne turkameratar. Han fann Sondre og Dag Mundal, og saman med sistnemnde tok han ein testtur til Melsnipa tidlegare denne vinteren.

Påskeaftan var det klart for den store testen til Holefjell. Sju timar, 1500 høgdemeter, og ei rute ingen skal ha gått på ski tidlegare.

Skitur Fjærland

LANG TUR: Over 7 timar tok det dei tre turkameratane å legge under seg 1500 høgdemeter, for å skli ned att.

Foto: Privat

– Det første stykket gjekk vi langs ein tursti som blir brukt om sommaren. Første halvdel til fots, før vi gjekk på ski fram til Nesahaugen.

Derfrå skulle dei vidare opp til Holefjell. På eit par delar av strekninga måtte dei ta av seg skia og gå.

– Det var rett og slett litt for skummelt å halde fram på ski. Det var bratt på sidene. Eg er ikkje så vand med skigåing, så eg kjende at dette var noko eg var skeptisk til. Men når du kjem forbi, er det ei fantastisk meistringskjensle!

Ny rute på fjelltur i Sogn

MESTRINGSKJENSLE: Dette gir ei fantastisk mestringskjensle, seier Jo Marius Bøyum. Foto: Bøyum. Musikk: Eye Emma Jedi: Sin.

– Vanskeleg å skildre

skitur fjærland

MOT TOPPEN: Siste stykket gjekk dei til fots.

Foto: Privat
skitur fjærland

FLOTT: Det var strålande ver då kameratane var på tur.

Foto: Privat

Vel framme på toppen kunne dei ta seg ein pust i bakken.

– Du kan jo tenke deg? Over 1000 meter over havet, t-skjorte eller oppbretta ullklede, og der kunne vi ta av fellene, sitje og nyte den fantastiske utsikta ned i bygda, og gjere oss klare til ein fantastisk tur ned att.

Bileta i videoen talar vel eigentleg for seg. Nydeleg føre og nydeleg vêr.

– Det er eigentleg vanskeleg å skildre. Eg er nyfrelst på ski, nyt det fullstendig, det er rett og slett herleg. Det er vanskeleg å skildre, gjentek han.

Han vil likevel åtvare andre mot liknande turar, om dei ikkje er like heldige med turkameratane.

– Dei eg gjekk med er svært fjell- og skivande. Eg hadde ikkje gått åleine. Det er ting ein skal passe på heile vegen, kantar og rasfare. Folk bør ha med nokon som er fjellvande og kjenner til same ruta.