NRK Meny
Normal

– I verste fall-tankane har ikkje slått til

NORDFJORDEID (NRK): Fem år etter nedlegginga av fødeavdelingane på Nordfjordeid og Lærdal er det ingen kvinner som har fødd utan fagfolk til stades. Kritikarane frykta det verste, det har ikkje slått til.

Merete Melheim

NØGD: Leiar ved God Start eininga på Nordfjordeid, Merete Melheim. Her med to dagar gamle Emil Salveson Nordnes i armane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ved månadsskiftet er det fem år sidan fødeavdelinga på Nordfjordeid og den forsterka fødestova i Lærdal vart lagt ned. Mange fekk mellom to og tre timar til nærmaste fødeavdeling.

Åtvaringane hagla om gravide som risikerte å føde i vegkanten over heile landet. Men etter fem år kjenner ikkje jordmødrene ved dei to sjukehusa i Sogn og Fjordane til eit einaste tilfelle der nokon har måtte føde utan fagfolk til stades.

Mellom fem og ti kvinner har årleg i snitt måtte føde i ambulanse eller inne på God Start-einingane, samtlege har hatt jordmor til stades. Jordmødrene meiner ting har gått langt betre enn frykta:

– I verste fall-tankane har ikkje slått til, seier leiar ved God Start-eininga på Nordfjord sjukehus, Merete Melheim.

Fekk hjelp av jordmor i bilen

Reidun Smørdal Hjelle er blant dei som har måtte føde på vegen. Magnus Smørdal Hjelle kom til verda ei marsnatt i 2016.

– Akkurat då klarte eg ikkje tenke skikkeleg, men før fødselen var eg veldig engsteleg for å klare å rekke fram, sidan eg ein gong før hadde opplevd at det nesten skjedde, seier Reidun Smørdal Hjelle.

Ambulansen i retning Volda måtte stoppe langs Skredestranda ved Hornindalsvatnet. Heldigvis var jordmor med.

– Ei dyktig jordmor som handterte situasjonen veldig bra, seier Smørdal Hjelle som saman med mannen Torbjørn i dag smiler av hendinga:

– Men hadde noko slikt skjedd utan jordmor hadde det vore ei skremmande oppleving, seier Torbjørn Nes Hjelle.

Reidun Smørdal Hjelle

KOM TIL VERDA PÅ LANDEVEGEN: Reidun Smørdal Hjelle og Magnus Smørdal Hjelle

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er vi stolte over

Årsaka til trygge fødslar handlar om bevisstheit, meiner Melheim:

– Vi får av stad kvinnene tidleg. Det er vi blitt flinke til. Vi har beredskap og blir med i ambulansen. Dessutan er fødslar som går veldig fort statistisk sett blant dei som går bra, seier Melheim.

At ingen har født åleine er heilt vesentleg for jordmødrene:

– Dette er vi veldig stolte over. Dei transportfødslane vi har hatt har vore i ambulanse, der jordmor er med, seier jordmor og leiar i Lærdal Sigrid Lysne.

– Ein kjempesuksess

Ein anna suksess har blitt God Start-einingane sitt tilbod om barselopphald:

I Lærdal brukar mellom 100 og 110 kvinner tilbodet årleg, i Nordfjord brukar no nær 80 prosent av dei fødande i regionen eininga, i år vil talet brukarar nærme seg 200 kvinner

– Det har vore ein suksess frå dag ein, seier Lysne.

For Reidun Smørdal Hjelle var det avgjerande at ei jordmor var i ambulansen:

– Ein blir tryggare av det. Ei jordmor kan sitt fag, og det skapar veldig ro, seier Smørdal Hjelle.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.