Hopp til innhold

Stemte ned Måløyraidsenteret

BALESTRAND (NRK): Det raudgrøne fleirtalet i fylkestinget nekta å løyve pengar til det historiske Måløyraidsenteret.

Fylkestinget røyster

AVRØYSTING: Høgre, Venstre og Framstegspartiet røysta for å gje pengar til Måløyraidsenteret. Fleirtalet i fylkestinget røysta i mot.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Liv Stave på talarstolen

HISTORIE: Liv Stave (H) argumenterte for at ein ikkje må gløyme krigshistoria.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har mykje å minnast og lite å gløyme frå vår nære krigshistorie. Vi må aldri tru at fred er sjølvsagt. Difor er det så viktig å byggje dette senteret.

Det sa Liv Stave (H) i debatten i fylkestinget om kor vidt dei skulle løyve 800 000 kroner. Det er summen som manglar for å kunne starte byggjing. Staten har nemleg lova 5,3 millionar, og 600 000 kroner til drift.

Treng fakta

Anita Nybø (Sp) sa at dei ikkje har nok fakta til å kunne gå inn med pengar.

Anita Nybø

TRU, HÅP OG SYNSING: Anita Nybø (Sp) meinte dei måtte ha meir fakta før dei kunne gå inn for pengeløyvinga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– La Stortinget få gjere sine vedtak fyrst. Og la administrasjonen få greie ut fakta. Det er kome nokre munnlege lovnadar som er vanskelege å ta stilling til. Vi kan ikkje basere oss på tru, håp og synsing.

Nils P. Støyva (Ap) har tidlegare sagt at han frykta for å miste hovudet om dei gjekk inn på dette.

Vil ikkje ta og gje

I debatten i dag var han framleis uroa for pengebruken.

– Vi skal seinare i dag kutte 3 millionar til musea til fylket. Eg likar ikkje å gje med eine handa, for så å ta med den andre. Vi får kome tilbake til denne saka når vi har fleire fakta, sa Støyva.

Frank Willy Djuvik på talarstolen

HAR RÅD: Frank Willy Djuvik (Frp) meinte fylkeskommunen har råd til å løyve desse pengane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Frank Willy Djuvik (Frp) var fortørna over argumenta til dei raudgrøne.

– Her treng vi berre stille med 0,8 millionar for å få ei gåve frå staten på 5,3 millionar. Vi kjem til å setje av over 40 millionar på fond i år. Vi har råd til dette.

Kristeleg folkeparti har i Stortinget støtta pengane til Måløyraidsenteret. Men på fylkestinget røysta fylkesleiar Trude Brosvik og resten av gruppa mot.

– Vi kan ikkje støtte dette. Men 800 000 kroner er ikkje så mykje pengar at ikkje kommunen kan løyve det sjølv.

Håp til hausten?

Det var Høgre, Venstre og Framstegspartiet som stod saman om forslaget om å løyve pengar.

Under avrøystinga var det berre desse partia som røysta for. Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti og SV røysta i mot.

Under debatten vart det sagt av fleire at dei eventuelt ville kome tilbake ei sak om pengeløyving til hausten.