Hopp til innhold

Ingen feirar bomringjubileet

Eitt år etter at bomringen i Førde opna er motstanden mot bompengeinnkrevjing framleis stor. Folk synest dei betalar mykje utan at dei får noko igjen for det.

Ordførar Olve Grotle tar første spadetak

TILBAKEBLIKK: Her tar ordførar Olve Grotle første spadetak som markerte starten på arbeidet med utbetringar av vegar i Førde. Same dag starta bompengeinnkrevjinga i Førde.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Bård Tveranger

MISNØGD: Bård Tveranger frå Florø er misnøgd med å måtte betale bompengar når han køyrer gjennom Førde og synest at arbeidet som no vert gjort går alt for sakte.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Eg synest det verkar som om dei satsar meir på vatn og kloakk enn på veg akkurat no, seier Bård Tveranger frå Florø.

Han er ein av fleire NRK har snakka med som er misnøgde med å måtte betale bompengar når dei køyrer gjennom Førde. I løpet av det siste året har bomselskapet dratt inn kring 100 millionar kroner. Tveranger har eit poeng når han synest arbeidet med utbetring av vegane går for sakte.

Oddvar Flæte

BRA INNTEKTER: Styreleiar i bomselskapet Førdepakken, Oddvar Flæte, fortel at inntektene frå bompasseringar er som forventa og at han trur satsane for bompassering vil bli uendra det komande året.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi er noko på etterskot med utbyggingane, men det er mange ting som no er i ferd med å losne, slik at det vil bli betydeleg byggeaktivitetar i 2018 og 2019, seier styreleiar i bomselskapet Førdepakken, Oddvar Flæte.

Vil helst sleppe bompengar

Ein skulle kanskje tru at folk i regionen no hadde vent seg til at det er bompengar i Førde og at motstanden hadde stilna. Men slik verkar det ikkje til å vere.

Even Øvrebø

UTGIFT: Even Øvrebø frå Førde meiner bomringen i Førde er ei kjedeleg ekstrautgift.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Eg har sikkert brukt mellom 7000 og 8000 kroner på bompengar det siste året og eg føler ikkje at eg får igjen for det. Eg skulle ønskje at dei kunne avslutte bomringen her i Førde, seier Even Øvrebø frå Førde.

Trafikkauke etter at bomringen kom

Trass i at mange er pessimistiske til å måtte betale bompengar ser det ikkje ut til at spådommen somme hadde om at det ville bli mindre trafikk gjennom Førde med bompengar, har slått til.

– Det har faktisk vore ein ganske solid vekst og det har vore langt meir trafikk gjennom byen enn det vi hadde rekna med, seier Oddvar Flæte.

Han fortel at folk vil både sjå og oppleve meir til utbyggingane i tida framover og at dette vil kunne føre til ein del venting og omkøyringar.

– Vi har nokre vanskelege år framfor oss. Frå neste år vil det bli endå meir anleggsarbeid og då vil det også bli ein del ulemper for trafikantar, seier Flæte.

Han håper at folk vil bli meir positive når dei ser at vegane vert betre.