Ingen fare for tunnelkollaps

Det er ikkje fare for at Skatestraumtunnelen vil kollapse. No syner det seg at det likevel ikkje renn inn vatn i den undersjøiske tunnelen.

Innsatsleiaren ved Skatestraumtunnelen

HAR TREKT UT ALLE: Innsatsleiar Thorbjørn Thue fortel at alt mannskap er trekt ut frå Skatestraumtunnelen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Alle hjelpemannskapa vart trekte ut då det kom melding om at det byrja å sige inn vatn i tunnelen.

Ingen lekkasje likevel

– Det lek svært mykje vatn inn i tunnelen og vassnivået stig fort. Difor har vi trekt ut alt av mannskap og stenger av tunnelen. Mest sannsynleg vil heile tunnelen bil fylt med vatn, kunne innsatsleiar Thorbjørn Thue fortelje til NRK tidleg onsdag ettermiddag.

Tankbilvogna med 16 500 liter bensin sleit seg frå tankbilen small i fjellveggen og tok til å brenne. Dette førte til ein eksplosjon, som igjen har ført til ein lekkasje i fjellet.

Klokka 16.30 kjem Thue med kontramelding.

– Vi fekk med beskjed om at det byrja å sige inn store mengder vatn. No ser dette ut til å vere feilinformasjon. Varmen har øydelagt ein vassmålar. Dette førte til at pumpene starta og tømde eit vassbasseng som alt ligg under tunnelen. Bassenget er no tomt for vatn, seier Thue til NRK.

Se live-stream fra Skatestraumtunnelen

DIREKTE: Sjå live frå Skatestraumtunnelen.

Trur ikkje det er personar i tunnelen

Politiet har ikkje gått gjennom dei siste 100 metrane frå nordsida av tunnelen, men er rimeleg sikre på at det ikkje er fleire folk i tunnelen.

– Det er ein bil i tunnelen og den er tom, det veit vi, seier Thue.

Politiet har prøvd å nytte seg av viftesystemet i den undersjøiske tunnelen for å søkje gjennom resten av tunnelen, men det fungerer ikkje.

– Vi får ikkje dratt ut røyken. Difor skulle vi eigentleg gå inn i røyken for å gå gjennom dei siste 100 meterane, seier Thue.

Her kjem røyken ut av tunnelen

Har ikkje kontroll

I 14-tida onsdag kan Margot Åsebø i Statens vegvesen fortelje at dei førebels ikkje har kontroll på vasstanden i Skatestrumtunnelen, men at dei ikkje fryktar at heile tunnelen skal kollapse.

– Det er mogleg at det er ein lekkasje inn i tunnelen, men det får vi ikkje vite før vi fysisk går inn i tunnelen. Vi har ein vassmålar der inne, men den har vi ikkje kontroll på no. Eg veit ikkje om tunnelen vil kollapse, men slik som det ser no trur vi at vi skal få kontroll på vatnet i tunnelen, seier ho.

Mannskap kan førebels ikkje gå inn i den 1,9 kilometer lange tunnelen fordi temperaturen er svært høg, samt at det losnar mykje masse frå tunneltaket når det har vore så stor varmeutvikling. Onsdag ettermiddag høyrer ein framleis knaking inne i tunnelen.

Når Statens vegvesen kjem seg inn i tunnelen vil dei kartlegge skadane og reparere dei, noko Åsebø trur vil ta fleire veker, kanskje månader.

– Vi veit at skadane er vesentlege. Det er elektrotekniskutstyr som er øydelagt, samt betongspruting og mykje utstyr som er øydelagt, fortel ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Røyk siver ut av Skatestraumtunnelen og brannmannskap og politi frykter den skal kollapse.

Lang tid før tunnelen opnar

Dei som skal til Bremangerlandet må ta ferja mellom Måløy og Oldeide. Gjennomgangstrafikken må nytte seg av ferjesambandet Stårheim – Isane.

– Vi merkar allereie at trafikken har auka på sambandet mellom Stårheim og Isane, seier Åsebø.

Gjennomsnittleg i løpet av eit døgn på sommaren nyttar om lag 700 bilistar seg av Skatestraumtunnelen.

– Vi ser korleis dette fungerer. Vi ha skilta omkøyring der det er naudsynt. Det tar mange veker før tunnelen opnar, seier Åsebø.