Hopp til innhold

Ingen endringar i Sogndal

Harald Aabrekk vil rette opp formsvikten med same resept som tidlegare. Han ser faresignala, men gjer ingen store endringar etter Sogndal sin formsvikt.

Harald Aabrekk

ENDRAR IKKJE: Sogndaltrenar Harald Aabrekk vil ikkje gjere store omveltningar.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Eg trur det er eit godt pedagogisk grep å ta tak i det kjende og jobbe vidare med det. Ikkje å plutseleg gå ut i noko heilt nytt som skal gje voldsomme omveltningar. Det gir sjeldan suksess, seier Harald Aabrekk.

Sogndal var for to veker sidan klart i tet i 1. divisjon og ein overkomeleg kamp mot Follo unna semifinale i cupen. I dag har Fredrikstad henta inn forspranget deira i serien, og cupdraumen er død og begraven.

Tap mot svakare motstandarar

Tre kampar mot i utgangspunktet svakare motstand er tapt med ein samla målforskjell på 8-1. Men Aabrekk dreg ingen nye kort ut av ermet, men vil heller finne tilbake til godtaktene frå tidlegare i år med same spelestil, treningsmetodar og spelarar som før.

– Skilnaden på stolpe inn og stolpe ut er summen av detaljane i det vi gjer. Eg trur den rette vegen for oss no er å vidareutvikle det vi har gjort tidlegare i år. Vi må jobbe med å bli betre på vårt eige spel. Det er der skoen har trykt i det siste, seier han.

– Søkt å snakke om krise

Onsdag møter Sogndal Bryne heime på Fosshaugane i ein kamp som vart utsett på fordi Sogndal tok seg til kvartfinalen i cupen. Om dei vinn den vil dei ligge tre poeng framfor tabelltoar Fredrikstad, med like mange spelte kampar. Difor meiner Aabrekk det blir søkt å snakke om noko krise no, sjølv om varsellampene har teke til å blinke.

- Vi kan nesten ikkje bruke det ordet når vi ligg den enden av tabellen. Men det er viktig at vi tek det alvorleg og ikkje trur at ting ordnar seg sjølv, seier han.