NRK Meny
Normal

Ingen endringar for Sognebåten

Samferdslepolitikarane i fylket har utsett endringane for snøggbåten mellom Sogn og Bergen til 1. mai neste år.

Sognebåten
Foto: NRK

Politikarane følgde dermed tilrådinga frå administrasjonen.

Endringane omfattar tidlegare avgang frå Sogndal om morgonen og flytting av stoggestad frå Lavik til Vadheim.

Endringane skulle i utgangspunktet skje frå 1. mai i år.