Hopp til innhold

Ingen ekstra E.coli-tiltak i Førde

Det er ikkje sett i verk ekstra tiltak av noko slag ved Gilde sitt slakteri i Førde, trass i at Førde er hovudleverandør av storfekjøtt til spekmat-anlegget Terina i Sogndal.

Gilde Vest sitt slakteri i Førde.
Foto: Øystein Windstad / NRK

Det seier distriktsjef Rune Myklatun i Mattilsynet.

- Vi har ikkje sett i verk spesielle tiltak no, vi har heller ikkje fått ordre frå Mattilsynet om å setje i verk spesielle tiltak, seier han.

 To leverandører

Nina Sundqvist
Foto: Erik Johansen / Scanpix

 I går vart det kjent at E.coli-bakterien er påvist i Sognemorr frå Terina i Sogndal, og kommunikasjonsdirektør Nina Sundqvist i Gilde seier to slakteri leverer kjøtt til produksjonen.

- Vi veit at det er Gilde sitt slakteri i Førde som leverer mesteparten av det som brukes ved Terina i Sogndal, men det kjem også kjøt frå anlegget på Tynset, seier ho.

Leitar etter smittekjelda

- Eg er klar over at Førde er ein stor leverandør til Terina, men vi i Mattilsynet lokalt kjenner ikkje til om det er dei som har leverert til dei aktuelle produkta, seier Rune Myklatun.

Myklatun understrekar at det ikkje er påvist at kjøtt i dei smitta pølsepakkane kjem frå Førde. I tillegg til råstoffet kan smitten også ha komme frå ingrediensar i pølsene, eller frå hygienen ved Terina. Ei nasjonal gruppe frå ulike etatar skal no prøve å spore dette, og Myklatun ser ikkje bort frå at søkelyset vil bli sterkare på anlegget i Førde.

- Det er ein sjanse for at det kan bli slik. Eg trur vi må avvente og sjå kva som skjer, seier han.