Hopp til innhold

Ingen E.coli-funn i Sogndal

Ingen av dei 63 miljøprøvene Gilde fekk svar på i helga syner funn av E.coli-bakteriar i sjølve spekematfabrikken til Terina i Sogndal.

Pressekonferanse hos Terina i Sogndal.
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

- Alle prøvene var negative, men vi manglar framleis svar på ein del råvareprøver. Terina vil ikkje starte drifta av anlegget igjen før vi er heilt sikre på råvarene, seier informasjonssjef Grethe Skundberg.

Blodprøver på tysdag

Tysdag startar arbeidet med å ta blodprøver av dei tilsette ved Terina sitt anlegg i Sogndal.

- Dette er noko dei tilsette frivillig ønskjer å gjere. Det er minimal risiko for at dei tilsette har smitta produkta, det er heller anlegget eller proudktet som har smitta dei tilsette seier Skundberg til NTB.

- Verste eg har opplevd

Hovudtillitsvald ved Terina i Sogndal, Gerd Signe Grinde Håre, sa på ein pressekonferanse måndag ettermiddag at det har vore nokre forferdelege dagar i media sitt søkjelys.

-  Det er noko med det verste eg har opplevd i mine 40 år på anlegget.

- Anlegget er reint

Men no viser altså Gilde sine eigne prøver at det ikkje er E.coli-bakteriar på anlegget.

- Desse prøvene syner at anlegget er reint. Vi finn ikkje smitten i miljøet på anlegget. Vi har og teke mange prøvar av produkta. Så langt har vi fått svar på 600 prøvar av sognemorr og andre produkt, og alle dei er negative. Men vi held likevel anlegget stengt til vi har full oversikt. Vi vil ikkje opne igjen før vi har fått godkjenning frå Mattilsynet, seier anleggsjef Per Steinar Sviggum.

Men Mattilsynet opplyser at funna frå Gilde er interessante, men det endrar svært lite. Også Mattilsynet har teke miljøprøver ved anlegget i Sogndal, og vil samanlikna resultata med prøvene frå Gilde. 

- Ikkje dårleg hygiene

Smittevernlege Per Stensland seier dei difor vil ta blodprøver av dei tilsette i løpet av dei neste dagane slik som planlagt.

- Personar som har blodprøver som viser smitte, skal vere smittefrie før dei byrjar i arbeid igjen. 

Men smittevernlegen seier at smitten mest truleg kjem frå dyr og kjøtråvarene, og den ikkje skuldast dårleg hygiene blant dei tilsette.

Tilsette får kurs

Skundberg seier at dei i dagane som kjem vil sysselsetje dei 95 tilsette med kurs og pakking av varer frå lager.

Onsdag i sist veke vart det påvist E.coli-bakteriar i Gilde Birkebeiner Sognemorr som vert produsert ved Terina sitt anlegg i Sogndal. Produksjonen vart stoppa same dagen.