Hopp til innhold

Fryktar utkantstrøk vil verte nedprioriterte

«Er det slik at ingen dødsulukke er lik ingen pengar», spør mangeårig kommunestyrerepresentant i Solund, Anne Grete Furevik.

Riksveg 606

INGEN PENGAR: Er det slik at ingen ulukker er lik ingen pengar, spør Anne Grete Furevik. Ho er redd for at utkantkommunar vil tape når fylkeskommunen må spare pengar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg reagerer kraftig på dette, seier Furevik.

Ho siktar til utspelet frå leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Arnstein Menes.

Fredag fortalde NRK nemleg at fylkeskommunen vil kartleggje kvar dødsulukkene på vegane i fylket skjer, slik at dei kan prioritere opp desse vegane når det går mot tøffare økonomiske tider, sidan fylkeskommunen må kutte langt over 200 millionar kroner.

Anne Grete Furevik er samd i at ein må prioritere tiltak der mange alvorlege ulukker skjer. Men ho seier vegstandard ikkje er det avgjerande for ulukker.

– Høg fart, rus, og dårleg eller manglande merksemd er viktigare årsaker til dødsulukker enn sjølve vegen. Det er ikkje sjølve vegen, men mennesket, seier Furevik.

– Vi kunne hatt langt fleire ulukker her

Ho får støtte frå Trygg Trafikk, som skriv på sine heimesider at dei viktigaste årsakene til dødsfall i trafikken er manglande erfaring, merksemd eller dugleik, for høg fart etter forholda, manglande bruk av bilbelte, og køyring i rusa tilstand.

Furevik har vore kommunestyrerepresentant for SV i Solund kommune i 16 år, fram til 2011. I tillegg har ho køyrt drosje i kommunen. Ho meiner fylkesveg 606 i Solund syner at vegstandard ikkje er avgjerande for kvar ulukker skjer.

– Det ser vi i Solund. Vi har få ulukker, men vi har hatt eit prosjekt der studentar har studert vegen ute hjå oss, og funne 119 punkt som skulle vore utbetra. Dersom folk ikkje hadde halde seg til fartsgrensa, køyrt etter veg og føre, hadde det ganske fort vorte mange alvorlege ulukker her ute, seier Furevik.

Ho driv i dag utleige av bustadar til turistar, og seier ho får svært mange kommentarar frå dei av turistane som har kome langs vegen. Ho meiner vegen i Solund skulle vore prioritert på topp om ein såg på faktisk vegstandard.

– Vi har ikkje eingong ein tunellgjennomgang som tilfredsstiller dagens krav. Større bilar kjem ikkje gjennom dersom dei ikkje køyrer midt i vegen. Det finst svingar som bilen som fraktar bensin ikkje kjem seg opp og må setje att hengaren, hevdar Furevik.

Ho er redd for at kartlegginga og fokuset på dødsulukke no skal føre til at utkantkommunar vert nedprioritert. Ho kjem med ei heilt klar oppfordring til fylkespolitikarane.

– Dei må sjå på andre ting enn berre dødsulukker. Dødsulukker er det aller viktigaste å unngå. Men ein må sjå på andre forhold enn vegstandard for å unngå dødsulukker.

Mindre trafikkerte vegar vil få mindre

Arnstein Menes

SKJØNAR IKKJE: Arnstein Menes i fylkeskommunen seier kartlegginga skal finne årsaker som går ut over enkelte ulukkesutsette stader.

Leiar av samferdsleutvalet i fylkeskommunen, Arnstein Menes (Sp), skjønar ikkje frykta for at utkantane vil verte nedprioritert.

– Vi skal sjå på alle vegar, og finn vi i kartlegginga til dømes at manglande rekkverk er årsak til mange ulukker, vil vi prioritere alle vegar som manglar rekkverk, seier Menes.

Han seier no at det ikkje berre er dødsulukker som skal kartleggast, og fortel at ulukker med alvorleg personskade også er ein del av kartlegginga.

Dessutan er det ikkje nødvendigvis slik at det vil følgje pengar med ei prioritering av ei ulukkesutsett strekning.

– Det kan til dømes vere hyppigare fartskontrollar eller det kan vere at fartsgrensa vert sett ned, seier Menes.

Han meiner at han ikkje snakkar for å nedprioritere drift og vedlikehald av mindre vegar i utkantstrøk, men seier likevel at trafikkmengda er avgjerande for kor god veg ein kan forvente å få.

– Er det lite trafikk kan ikkje vegen verte prioritert like høgt, og verte like brei og like rett som der det er mykje trafikk.

– Som ordførar er eg uroa

ASkvollordførar Frida Melvær er stolt over å endeleg kunne smykke seg med sitt eige ordførarkjede.

UROA: Ordførar i Askvoll kommune, Frida Melvær (H), deler frykta til Furevik frå Solund om at utkantane kan verte nedprioriterte.

Ordføraren i ein anna kommune i HAFS-regionen i ytre Sunnfjord, Frida Melvær i Askvoll, forstår at Furevik i Solund er uroa.

– Det er veldig viktig at vi finn dei rette prioriteringane i desse tøffe økonomiske tidene, og då er det viktig at distriktskommunane, utkantkommunane, ikkje vert gløymde, seier høgrepolitikar Melvær.

Ho seier at farlege og utsette vegstrekningar der mange ulukker har skjedd bør prioriterast.

– Men ein ting er at det har vore alvorlege ulukker, ein anna ting er at det kan skje alvorlege ulukker, seier ho.

Ordføraren deler Furevik si frykt for at utkantkommunar kan verte nedprioriterte framover.

– Eg kan sjå for meg at det vert ei vriding av midla inn mot sentra, der det er meir trafikk, der utkantane ikkje vert tilgodesett. Som ordførar er eg uroa, seier Melvær.

Difor seier ordføraren at dette er ein debatt som må og vil kome når det vert klart kor store deler av kutta fylkeskommunen må gjere som vil falle på samferdslesektoren. I ein situasjon med kutt i løyvingane vert andre verkemiddel spesielt viktige.

– Det er og andre middel som kan utløyse vegprosjekt. Eg tenkjer då på ferjeavløysingsmidlar, og i tillegg rassikringsmidlar som ligg i ein eigen pott, som også kan sikre trafikantane, seier ordføraren.