Hopp til innhold

Ingen debatt

Det vart ingen debatt då arbeidsutvalet i fellesnemnda for Hordaland og Sogn og Fjordane i dag diskuterte kraftfondet sistnemnde ønskjer å opprette i samband med fylkessamanslåinga. Utvalet bad om å få fleire fakta på bordet før retningslinjene for fondet vert vedtekne. Alle medlemmene gav uttrykk for at dei var rimelege trygge på at dei skal verte samde.

Arbeidsutvalet i fellesnemnda for Hordaland og Sogn og Fjordane.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK