Hopp til innhold

Ingen augeskader registrert

Førde sentralsjukehus har ikkje registrert augeskader i det heile i samband med fyrverkeri denne nyttårsaftan. Vakthavande augelege ved sjukehuset. Anders Thommasen, seier han ikkje har statistikk over dei siste åra å samanlikne med. Thommasen er godt nøgd med at folk har heldt seg skadefrie.