Hopp til innhold

Ingen asylsøkjarar på Torvund likevel - Norsk mottaksdrift snur

Asylsøkjarane som vart plassert på Torvund i Høyanger vert flytta til sentrum i kommunen.

Høyanger sett frå Bugeheia

IKKJE MOTTAK PÅ TORVUND: Norsk Mottaksdrift snur etter klagar. Flyktningar blir flytta til sentrum.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Etter gjengtekne klager på lang reiseavstand, manglande integrering og vanskeleg tilgang til offentlege tenester får bebuarane medhald i klagen sin.

– Vi har høyrt på tilbakemeldingane frå bebuarane, seier Ronja Trolie i Høyanger statlege mottak, som vedgår at Torvund vart for langt vekke.

Flyttar til sentrum

15 asylsøkjarar og flyktningar har vore busett på Torvund mellom Lavik og Vadheim, samstundes vart fleire busett andre stader i Høyanger. Denne veka vart flyktningane som budde på Torvund flytta, inn til sentrum av kommunen.

Ronja Trolie

FLYTTAR MOTTAK FRÅ TORVUND: Mottaksleiar Ronja Trolie i Høyanger statlege mottak.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Vi disponerer hus i både i Høyanger sentrum og i Vadheim så dei kjem til å bli flytta til nokre av dei andre husa som vi har ledige, seier Trolie.

– Burde de ikkje høyrt på kritikken som kom allereie frå starten av, om at Torvund var avsides?

– Det kan du godt seie. Vi tok jo til oss det som blei sagt då, og det har jo og vore med undervegs når vi har gjort eigne vurderingar.

Var kritisk heilt frå starten

Mottaket har om lag 150 bebuarar som bur i leilegheiter og einebustader rundt om i kommunen.

Ordførar Petter Sortland var kritisk til plassringa på Torvund frå første stund, og meinte staden var for avsidesliggande.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger, er skal snart ta i mot mange asylsøkjarar i kommunen.

GLAD FOR FLYTTING: Ordførar i Høyanger, Petter Sortland.

Foto: Bård Siem

– Det kom vel ikkje akkurat som noko overrasking. Dette var noko som eg tok opp alt i haust, for når ein plassert på ein såpass einbølt plass som det Torvund, så er det 13 kilometer til næraste butikk, så det er lite folk å møte etter vegen.

No er han glad for at dei kjem nærare sentrum, men er samstundes oppteken av at heile kommunen skal takast i bruk når asylsøkjarane skal ha bustad.

– Høyanger tettstad har fått sin del asylsøkarar allereie. Eg håpar Norsk Mottaksdrift tek vårt ynskje på alvor og legg bustader rundt om i heile kommunen, på Kyrkjebø, i Vadheim, Lavik og på Høyanger sørside. Då tek ein heile kommune i bruk.